I helga har har Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Statens Naturoppsyn (SNO) og Politiet aksjonert over store deler av Sunnhordland aksjonert mot ulovleg hummarfiske. Dei fann til saman 225 ulovlege reiskap, mellom anna i Ålfjorden i Vindafjord.
– Umerka reiskap utgjer størsteparten av beslaga. Nokre av desse er ulovlege hummarteiner der eigar heilt tydleg unnlèt å merke, medan brorparten er beint fram slurv, seier aksjonsansvarleg Ina Giil Solheim frå Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.
Meld til politiet
Det blir levert inn over 20 meldingar til Politiet.
– Dette er ulovlege reiskap med kjent eigar. Dei kan vente seg reaksjon og bøter frå Politiet, seier Solheim.
– Kontrollområda er valt ut med bakgrunn i tips, historikk og kjennskap til områda frå før. Dette er stader me er kjend med at det er mykje ulovlege reiskap, seier Solheim.
Fiskeridirektoratet har årlege samarbeidskontrollar med Kystvakta, Statens Naturoppsyn (SNO) og Politiet.
– Vi har gode erfaringar frå desse kontrollane med tanke på samarbeid og resultat.
Sidan kontrollen blei utført i hummarfredingstida, såg vi først og fremst på storleiken på fluktopningane på teinene vi kom over, fortel Solheim
20 teiner i fredningstida
Ein har òg sett på mengde teiner og merking:
– Fritidsfiskarar kan fiske med inntil 20 teiner på denne tida av året. Ruser er forbode, med mindre ein har dispensasjon til å fiske med ruser, seier Solheim.
Under sjølve hummerfisket er grensa 10 hummerteiner, men ein kan fiske med inntil 10 andre teiner, til dømes for krabba, samtidig.
Reiskapen skal òg merkast med namn og adresse på minst eit av vaka / ei av blåsene.
Alle som mistar reiskap må melde frå om dette til Fiskeridirektoratet.
– Ein kan nytte fritidsfiskeappen vår eller melde frå direkte, sier Solheim.
Hummarsesongen startar 1. oktober kokka 8, og alle som skal fiske hummar må registrere seg.