Tendensen med at mange er for harde på gasspedalen i Grannar-distriktet held fram, sjølv med hyppige UP-kontrollar i området.
Laurdag ettermiddag vart to sjåførar fotgjengarar etter at Utrykkingspolitiet målte bilane dei køyrde til fart på høvesvis 116 og 118 kilometer i timen i 80-sona på E134 på Liaheia i Vindafjord.
3 andre bilførarar fekk forenkla førelegg etter sine fartsoverskridingar i den same kontrollen.