Bak f.v.: Alexander Berntsen, Alice Gjøri Ers Hellås, Elias Eitrheim-Jonas. Framme f.v.: Hiyab Dereje Gebremichael, Johanna Lunde, Tuva Steinsland, Elise Andreassen Berge. Ikkje tilstades: Lukas Berge-Olsen
Foto: Grethe Hopland Ravn
Bak f.v.: Alexander Berntsen, Alice Gjøri Ers Hellås, Elias Eitrheim-Jonas. Framme f.v.: Hiyab Dereje Gebremichael, Johanna Lunde, Tuva Steinsland, Elise Andreassen Berge. Ikkje tilstades: Lukas Berge-Olsen Foto: Grethe Hopland Ravn

6. klasse, Vågen skule

Kva får deg til å le?

25-19-klassen min-vågen-elias

– Eg ler av Memes, som til dømes kan vera morosame tekstar eller morosame bilde.

Elias Eitrheim-Jonas

25-19-klassen min-vågen-alexander

– Alt mogleg! Eg ler lett. Eg er også veldig kjitlen, og om nokon kjitlar meg ler eg mykje. Vitsar er også noko som får meg til å le.

Alexander Berntsen

25-19-klassen min-vågen-alice

– Eg ler ofte av rare ansikt som gjer grimasar. Eg er ein glad person, så det er ikkje så vanskeleg å få meg til å le.

Alice Gjøri Ers Hellås

25-19-klassen min-vågen-hiyab

– Når jentene i klassen tullar, då ler eg. Så ler eg når eg ser på tv. Ofte er det sprøe personar som gjer rare sprell, og då ler eg.

Hiyab Dereje Gebremichael

25-19-klassen min-vågen-johanna

– Me har det veldig løye i klassen, og klassen får meg ofte til å le. Eg ler også av gode vitsar, men det er ikkje alle vitsar som er gode.

Johanna Lunde

25-19-klassen min-vågen-tuva

– Me har ein morosam klasse som får meg til å le, og så ler eg gjerne av folk som prøver å vera løgne.

Tuva Steinsland

25-19-klassen min-vågen-elise

– Noko eg synest er veldig morosamt er Funny Fails på tv. Då ler eg godt når eg ser på det. Eg ler også mykje saman med vennene mine. Me har det kjekt i lag.

Elise Andreassen Berge