Sander Solheim-Gangstø (t.v), August Alvseike og Tuva Vølstad Stople.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Sander Solheim-Gangstø (t.v), August Alvseike og Tuva Vølstad Stople. Foto: Irene Mæland Haraldsen

Bjoa skule, 1. klasse

Kva gjer deg glad?

Sander Solheim-Gangstø

– Eg blir glad av å leika og kasta snøball. Å køyra traktor gjer meg glad og å teikna traktor. Nissen og juletre gjer meg også glad.

Sander Solheim Gangstø

Tuva Vølstad Stople

– Eg blir glad når eg får besøk av søskenbarnet mitt. Og så blir eg glad av å ri og når eg får julepakkar. Eg synest det er kjekt å overnatta med ei venninne og så gler eg meg til julaftan og til å pynta juletre.

Tuva Vølstad Stople

August Alvseike

– Å leika med nokon gjer meg glad, og å få gåve og å teikna. Eg likar å spela fotball og laga ting.

August Alvseike