16-14-jespersen nett

Fjerde plass i verdscupen

Eitt hakk ned i verdscupen.

Chris Jespersen enda på ein flott fjerde plass i verdscupen, sjølv om den siste og avsluttande løpshelga i Falun, Sverige ikkje gjekk heilt etter planen for skåneviksbuen.

Etter fredagens klassiske sprint enda han langt nede på lista med plass nummer 44. Laurdag braut han kunne ikkje stilla til start under søndagens 15 km jaktstart. Dermed blei det dårleg poengfangst i verdscupavslutninga, noko som førte til at Jespersen mista tredjeplassen i samandraget.