Elina Hvidevold (12) imponerer i rolla som Pippi Langstrømpe. Foto: Sirianne Vikestad
Elina Hvidevold (12) imponerer i rolla som Pippi Langstrømpe. Foto: Sirianne Vikestad

Pippi imponerer

Det er travle dagar i Skånevik nå når Pippi og vennene hennar har komme i land frå dei sju hav.

Torsdag var det premiere på teaterførestillinga og barna sitra av glede av å få sjå den sprudlande Pippi i Villa Villekulla. Her fekk dei sjå og helsa på herr Nilson og lilla Gubben, samt ein gjeng sjørøvarar.

Fru Prysselius, politibetjent Kling og Klang og røvarane Dunder og Blom, fekk seg ei treningsøkt og to i sommarvarmen, på jakt etter Pippi, noko som fekk latteren til å trilla blant publikum.

Kamp om plassane

— Det er veldig kjekt å få dette til. Det er satt opp heile 7 førestillingar i tillegg til skattejaktar, og laurdag er allereie utseld. Det at me har fått med oss skodespelarar frå Den Nationale Scene, har løfta teaterstykket enda meir, seier Bård Henrik Hereide, og visar til at det er kamp om plassane blant publikum.

Les meir i torsdagens avis neste veke.