Magne Christiansen skåra 1-0 målet mot Falkeid og Stefan Mjånes. Foto: Alf-Einar Kvalavåg, Tysvær Bygdeblad
Magne Christiansen skåra 1-0 målet mot Falkeid og Stefan Mjånes. Foto: Alf-Einar Kvalavåg, Tysvær Bygdeblad

Opp på andreplass

Sterkt av Ølen på bortebane.

To raske skåringar av Magne Christiansen og John Magnus Høyvik tok mykje av lufta ut av motstandaren Falkeid i torsdagens 5. divisjonskamp i Tysvær.

Heimelaget redusertem 20 minuttar før slutt, men Rasmus Lærdal ordna nok eit mål frå Ølen, slik at resultatet blei 1-3 i favør av gjestene frå Ølen då dommaren bles av.

Falkeid-trenar Frode Hundsnes meiner sigeren var noko stor i forhold til spel og sjansar, men skryt av Ølen.

— Det var eit solid lag og heilt klart det beste me har møtt i haust. Likevel burde me kunne gitt dei betre kamp. Dei er effektive og skårar, me manglar det litle ekstra der framme, uttaler Hundsnes til Tysvær Bygdeblad.

Med dei tre poenga gjekk Ølen opp på andreplass på tabellen med 30 poeng, fem poeng bak leiarlaget Torvastad. Det er nettopp Karmøy-laget som er motstandaren til Vats 94 Skjoldar i kveldens runde.

Spørsmålet er om vindafjordingane er dei første som greier å hamla opp med Torvastad, som så langt i sesongen har vore suverene med elleve sigrar, to uavgjort og ingen tap. Kampen går på Karmøy. Med uavgjort eller siger vil Vats 94 Skjoldar ta andreplassen tilbake.