Gaute (t.v) og Lars Skjervheim Lunde frå Stavanger hadde tatt turen til brannstasjonen laurdag. Dei var i Etne på helgebesøk hos besteforeldre, og synest at det var spennande å sjå på brannbilar. Foto: Grethe Hopland Ravn
Gaute (t.v) og Lars Skjervheim Lunde frå Stavanger hadde tatt turen til brannstasjonen laurdag. Dei var i Etne på helgebesøk hos besteforeldre, og synest at det var spennande å sjå på brannbilar. Foto: Grethe Hopland Ravn

Kjekt med open dag

Å få lov til å ta både brannstasjon og brannbilar i nærare augesyn, må vera alle barn sin draum.

Laurdag var den store dagen der mange av brannstasjonane i Noregs land heldt ope for publikum. Også i Etne blei garasjeportane rulla opp, og det var bort i mot fritt fram for nysgjerrige sjeler.

I løpet av dagen var det litt over 200 personar som tok turen innom stasjonen, der barnnverningeniør Solveig Hortmann i samarbeid med det lokale brannvesenet laga til ein koseleg og spennande dag for både store og små.

Lappekaker og bæ-bu

Det freste godt i steiketakka gjennom heile dagen, og lapperøra forsvann i ekspressfart. Det same gjorde dei varme og nysteikte lappekakene som blei delt ut. I tur og orden fekk alle som hadde lyst, vera med på ei lita utrykking med brannbilen som sjølvsagt rykka ut med full sirene. Dette til stor fryd for dei små som gjerne fekk vera med på ein slik tur både ein og fleire gonger.

Inne i brannstasjonen kunne ein jobba seg gjennom ein quiz på 10 spørsmål, og når ein kom i mål venta ein tøff brannmannhjelm til kvar og ein i premie. Den opne dagen er ein del av Brannvernuka, som på landsbasis blir markert ei veke kvar september.