Opna bildør for å kasta opp

Ein bilpassasjer følte brått trong for å kasta opp då bilen han sat i var på veg austover frå Ølen like før midnatt laurdag kveld.

Personen opna bildøra som dermed vart råka av ein motgåande personbil.

— Personen som blei akutt dårleg, fekk døra på seg og måtte til legevakt. Bilen som kom køyrande i motgåande køyrefelt fekk sladd og kjørte i ei grøft og inn i eit gjerde, melder Trond Friberg frå politiet i Haugesund.

Det er meldt om materielle skadar på begge bilane.