03-15-storm nina-skånevik-nina-8

Sterke krefter

Del dine bilde med lesarane.

Hald på hatten det neste døgeret om du har tenkt deg over dørstokken, for ekstremvêret Nina som er på full fart innover landet, kan både bli heftig og farleg, melder nrk.no.

Har du bilde av uvêret, send oss på epost; redaksjon@grannar.no eller MMS tlf 975 70 789

— Vinden er spådd til å bli den verste på 20 år og verst går det utover Hordaland og Sogn og Fjordand. Det er ikkje så ofte at vinden kjem med slik kraft i den retninga ein har no og derfor kan vinden bli farleg, seier statsmeteorolog Anne Mette Olsen til statskanalen.

Hald deg innandørs.

Det blir verst rundt klokka 15 laurdag og det er reell fare for at lause gjenstandar kan treffa folk. Derfor bør ein halda seg inne. Stormen som trefte Hordaland i 1994 førte til store øydeleggingar og ein person omkom. Denne stormen var kraftig, men kortvaring opplyser statsmeteorolog Dag Kvamme til NRK. Stormen i 1994 varte berre i rundt ein halvtime, mens Nina truleg kjem til å herja lenger.

Klokka 14.00 laurdag var det 5000 husstandar i Hordaland som var straumlause.

Siste frå politiet

I Vikebygd har eit sauehus delvis falle saman i stormen. Det blir rapportert om éin daud sau og to som er skada og må avlivast. Politiet har vore på staden og oppretta sak.

I Etne melder Haugaland og Sunnhordland laurdag ettermiddag om ein raud fritidsbåt utan motor er på rek i fjorden. Den flyt tungt i sjøen etter at den truleg har slite seg.