Første namn klart: Bertine Zetlitz blir eitt av fleire store namn på Vikedal Roots Music Festival 2015.
Pressefoto
Første namn klart: Bertine Zetlitz blir eitt av fleire store namn på Vikedal Roots Music Festival 2015. Pressefoto

Bertine Zetlitz klar for Vikedal

Norske Bertine Zetlitz er første artist ut av hatten i årets rootsprogram. Bookingansvarleg Stig Morten Sørheim lovar mange godbitar framover.

På grunn av økonomisk uvisse i fjor haust kom bookinga av artistar til årets Vikedal Roots Music Festival seint i gang. Difor har det også lete venta på seg å få offentleggjort artistane.

Publikum har mykje godt i vente

— Men nå kjem dei på rekke og rad utover, ca. éin ny artist i veka, og mange spennande namn, seier Stig Morten Sørheim som har bookinga saman med Kjetil Ulland.

Internasjonale namn

Årets festival i Vikedal går av stabelen 16. til 18. juli med same profil og omfang som før, og ramma og opplegget blir om lag som i fjor. Det heile startar torsdag med eit alkoholfritt familieprogram som også inkluderer dei aller minste. Fredag og laurdag blir det tre konsertar på dagtid og fire om kvelden i det store teltet, samt kyrkjekonsertar båe dagar.

Artistprogrammet er nå nærast i boks og det ligg an til tre internasjonale namn, og dermed mest norske artistar. Sørheim lover også lokale innslag.

— Publikum har mykje godt i vente, og me er svært tilfreds med dei namna me har skaffa sjølv om me ikkje kom skikkeleg i gang før i januar. Me er opptatt av å vera trufast mot roots sjangeren, så her blir det både irsk folkemusikk og amerikansk roots. Men festivalen byr også på anna type musikk med både store norske og internasjonale namn, og med eit par overraskingar på lager, seier ein løyndomsfull Sørheim.

Nye steg

Bertine Zetlitz som blir ein del av programmet laurdag kveld, er ein av landetys leiande popartistar og elska av eit breitt publikum. Gjennom over tiår har ho levert hits som «Fate», «Girl Like You» og «Fake Your Beauty». Hennar innovative stil både visuelt og som låtskrivar har gitt ho fleire Spellemannprisar – og hyllest blant så vel av kritikarar som av publikum. Zetlitz blir sett på som elektropop pionér, og får gjennom sin opptreden gjerne publikum til å dansa, men har også flotte og treffande balladar på repertoaret.

Etter seks album på engelsk og ein god pause frå rampelyset, er Bertine Zetlitz nå aktuell albumet «Tikamp» der ho for første gong i karriæra syng på norsk.

— Gjennom samarbeid med nye folk, blant anna Håkon Gebhart, mest kjent frå Motorpsychi, har ho tatt steg i ny retning. Albumet har fått gode kritikkar, så dette er ein artist me gleder oss til å få besøk av, seier Stig Morten Sørheim.

Kvalitet

Festivalsjef Jarle Nes ser fram til sommaren og ein ny, god festival i Vikedal, og er godt nøgd med programmet.

— Me ha lege på rundt 8.000 besøkande dei siste åra, og planlegg for eit arrangement i same storleik. Me har fokus på å levera kvalitet til dei besøkande, og er ikkje avhengig av å vera størst mogeleg for å få dette til. Med godvêr kjem også folket, og alt ligg til rette for ein topp roots også i år, seier han.