Helene Bjelland (brun trøye) i aksjon mot Froland i gruppespelet. No er Bjelland og resten av vindafjordlaget klar for tv-kamp. Foto: Vidar Alfarnes
Helene Bjelland (brun trøye) i aksjon mot Froland i gruppespelet. No er Bjelland og resten av vindafjordlaget klar for tv-kamp. Foto: Vidar Alfarnes

For sterke i tv-kamp

Bryne var hakket for sterke for Vindafjord sitt jentelag i den tv-øverførte kampen.

Siste: Jentelaget til Vindafjord IL (15-16 år) måtte sjå seg slått med solid margin i kampen mot Bryne 1 som var overført direkte på TV 2 tidlegare i dag. Sluttresultatet i 16-delsfinalen vart 0-6 i jærbuane sin favør, og årets Norway Cup er dermed over for jentene frå Vindafjord som med solid innsats kom til A-sluttspelet.

Klar fot tv-kamp

Jentene (15-16 år) er i A-sluttspelet i Norway Cup og skal møte Bryne 1 i 16-delsfinalen klokka 12.20 i dag. Denne kampen blir vist direkte på TV 2 Sportskanalen og TV 2 Sumo.

— Det blir nok litt ekstra at kampen blir vist på tv. Dei er litt spente og ekstra nervøse før denne kampen. Men det er også veldig stas, seier Unni Helgevold som er i støtteapparatet for laget, det ein før kalla oppmann.

Ho har ingen formeining om korleis det vil gå, men håpar på det beste.

— Vi veit at Bryne er eit godt lag og at dei har scora mange mål i gruppespelet, fortel Helgevold.

Men også vindafjordjentene har gjort det bra med to målrike sigrar pluss eitt tap for danske Ballerud Skovlund Fodbold. Vindafjord idrettslag har to jentelag med i årets Norway Cup.