Dykkaren døydde

Minnestund hos Westcon

Det var den 22 år gamle Sondre Birkeland frå Haugesund som onsdag vart kritisk skadd i samband med at han skulle utføre reinhaldsarbeid på et røyr på ein rigg ved Westcon Yard i Ølensvåg. Han døydde fredag av skadane.

Blir obdusert

Ulykka skjedde då dykkaren vart sittande fast under havoverflata. Ein annan dykkar kom raskt til og fekk han på land kor ein kolleger starta hjerte- og lungeredning. Kort tid etter kom helsepersonell til staden og tok over redningsarbeidet.

Dykkaren vart seinare frakta til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse. Der fekk han intensiv behandling, men livet sto ikkje til å redde.

Den omkomne blir rutinemessig obdusert.

— Saka er under etterforsking, seier politioverbetjent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor til Grannar måndag.

Minnestund

På Westcon Yards var det minnestund for den omkomne måndag. Dei som jobbar ved Westcon Yards i Ølen, inkludert tilsette og representantar fra AD Offshore, den omkomnes arbeidsgiver, var til stades, skriv Westcon på si heimeside.

– Vi er i djup sorg. Han var ein dyktig arbeidskollega med hele karrieren framfør seg. Dette er ufattelig tragisk, og våre tankar går til alle som stod ham nær, seier administrerande direktør Øystein Matre i Westcon Yards i Ølen.

Sondre Birkeland har vore veldig aktiv i Haugesund turnforening, og har mellom anna vore både noregsmeister og europameister i turn som junior.

Turnforeninga arrangerte minnestund for han sist sundag.

LES MEIR HER:

Framleis kritisk for dykkar

Dykkar kritisk skadd