Tidlegare Vikedal Sæter.
Tidlegare Vikedal Sæter.

Ingen asyl-kontrakt

Førland Mottaksdrift AS fekk ikkje kontrakt for å drive ordinært asylmottak på tidlegare Vikedal sæter i Vindafjord i den nye anbodsrunden til Utlendingsdirektoratet. UDI meiner det er blitt mindre behov for nye asylmottak, og avlyste difor også ein del av dei regionale konkurransane. I alt tildelte UDI 13 kontraktar, 5 av dei i region vest. Ein del av dei var vidareføring av eksisterande asylmottak, og dei fem i region vest har til saman 830 plassar. Haugesundaren Bengt Førland har kjøpt eigedommen i Vikedalsdalen for å etablere asylmottak. Han tilbydde i alt 150 plassar i ordinært mottak. Førland har tidlegare sagt til Grannar at han vil gi tilbod for eit mottak for einslege, mindreårige asylsøkjarar dersom han ikkje nådde opp i ordinære mottak. I søknadsrunden for dei nye plassane, skisserte UDI eit behov for inntil 10.000 nye plassar, men enda opp med å gi kontrakt for 2.017. For heile landet kom det inn totalt 97 tilbod om 15.600 plassar, der region vest stod for 32 av søknadene med til saman 4.561 plassar i denne regionen.