100.000 til Rootsfestivalen

— Dette var litt av ei julegåve, seier ei glad Anne Cecilie Berentsen, leiar for […]

— Dette var litt av ei julegåve, seier ei glad Anne Cecilie Berentsen, leiar for festivalen i Vikedal.
Det er første gong Rootsfestivalen får støtte frå Kulturrådet, trass i at dei har søkt fleire gonger tidlegare. Festivalen er ein av i alt 15 nye musikkfestivalar som får støtte av Norsk Kulturråd i år. Populærmusikkfeltet, som rootsen i Vikedal høyrer inn under, er det området som får den sterkaste auka. Mellom nye festivalar her er også Lost Weekend på Askøy, Egersund Visefestival, Alta Soul og Blues Festival og Norsk Country Treff. Også på jazzfeltet aukar det totale tilskottet, men her er Sildajazz i Haugesund den festivalen som kjem dårlegast ut. Den får 150.000 kroner neste år, samanlikna med 300.000 kroner i år.

Aukar artistbudsjettet
Kulturrådet har fordelt 23.8 millionar kroner til 59 musikkfestivalar for 2005. Det kom inn 103 søknader med ein samla søknadssum på 51.5 millionar kroner. Auka i tilskotta er gjort mogleg mellom anna gjennom at Kulturrådet fekk 1.65 millionar kroner meir å rutte med etter at Førde Internasjonale Folkemusikkfestival blei flytta til statsbudsjettet. I tillegg har Kulturrådet gjort ei omfordeling av tilskott frå festivalar som har blitt økonomisk sterke med ein solid eigenkapital, til ei rekkje nykommarar med eit stort spekter av musikksjangrar på festivalfeltet.
Vikedal Roots Music Festival får med det nok eit puff i rett økonomisk retning, etter at festivalen førre sommar gav gode tal.
— Me betalte ut all gjeld, i tillegg til at me fekk eit overskot på 200.000 kroner i 2004. Av desse gjekk halvparten til lag og foreiningar, medan resten blei sett på fond. Men me har framleis eit lån på 200.000 kroner, fortel Berentsen.
Målet er å bygge opp økonomisk basis for å kunne utvikle festivalen vidare. Men når det gjeld neste års støtte frå Kulturrådet, forsikrar festivalleiaren at denne skal komme publikum til gode.
— Pengane kjem til å gå inn i programmet, og dei vil komme tilbake til publikum i form av betre kvalitet og auka artistbudsjett, lovar Berentsen.
Planlegginga av neste års festival er alt i gang.
— Me er i fasen der me sjekkar ut prisar og artistnamn no, forklarer ho.
Rootsfestivalen kjem også til å søkje kommune og fylke om pengar, i tillegg til at dei jobbar med å skaffe private sponsorar. Berensten trur støtta frå Kulturrådet er med på å gje festivalen eit kvalitetsstempel.