Valpoesi frå Vindafjord

I Skjold budde det ein gong ein som hadde vore ute og reist, både til […]

I Skjold budde det ein gong ein som hadde vore ute og reist, både til sjøs og til lands. Så hende det ein gong at han vart sint. Det rare var at då slo han over frå Skjoldamål til bokmål!
Sidan vart det eit munnhell i gjengen vår: «Du vett ein konne bli så forbanna atte ein konne bjønda snakka bokmål!!!!»
Det er i denne samanhengen ho må sjåast, målforma eg har vald på dette songdiktet om valet i nye Vindafjord. Eit dikt eg vonar kan bli prenta i bladet Dykkar med det første. Diktet kan syngjast på tonen til «Fru Johnsen» eller «Harper Valley PTA», som låten heitte på originalspråket.
Det må understrekast at dette ikkje er retta mot dei frå Vikedal eller Imsland som har blitt innvalde på Senterpartiet eller Arbeidarpartiet sine lister. Eg mistenkjer ingen av desse for å ha stått bak det som ser ut til å ha vore ein organisert kumule!
Og kva signal gir dette til folk flest, og spesielt til ungdomen?  Det er gitt eit greitt svar på dette spørsmålet på leiarplass i Haugesunds Avis for 8. juli:  «De politikerne som nå ivrer etter å få et pol innenfor kommunegrensene,  skal være klar over at det har en kostnad. De gir et klart signal til ungdommen om at kjøp av alkohol er greit.»
Mitt råd til Sylvia Brustad er enkelt:  Legg bort dette meiningslause framlegget og konsentrer deg om saker som fremjar helsa, og ikkje om slike som er med og bryt helsa ned.

Psykiater, tidlegare stortingsrepresentant
Hans Olav Tungesvik.