Alkoholpolitikk utan sans for skadeverknader

Utruleg er det at ein statsråd i ei regjering som seier dei vil føra ein […]

Utruleg er det at ein statsråd i ei regjering som seier dei vil føra ein restriktiv alkoholpolitikk,  kjem med eit slikt utspel.  Endå meir uforståeleg er det at utspelet kjem frå – av alle – landets helseminister.  Dette må då vera det mest helsenedbrytande framlegget som nokon gong har kome frå ein helseminister!
Sylvia Brustad grunngjev utspelet med at regjeringa vil sikra ein god og rettferdig tilgang på Vinmonopolet sine varer over heile landet. 
Kva som er «god og rettferdig tilgang»  har alltid vore og vil alltid vera relative omgrep.  I mine 8 år som medlem av styret for AS Vinmonopolet i 1980 og 90-åra,  var dette stadig eit aktuelt diskusjonstema.  Den gongen var talet på utsal langt under 100.
Full «rettferd» kan ein aldri oppnå i slike fordelingsspørsmål som går på geografi.  Sjølv bur eg i ei bygd som ligg 3 mil unna kommunesenteret.  Er det då «rettferdig»  at me ikkje får polutsal i vår eiga bygd?  Ein kvar ser at ein slik tankegang er umogeleg.
Nei, her er Sylvia Brustad og regjeringa på ville vegar.  Det er til overmål dokumentert av Verdens Helseorganisasjon  (WHO) at  auka tilgang på alkohol gir auka forbruk. Ja, det er til overmål dokumentert at ei dobling av forbruket fører til ei 4-dobling av skadeverknadene!
Og kva signal gir dette til folk flest, og spesielt til ungdomen?  Det er gitt eit greitt svar på dette spørsmålet på leiarplass i Haugesunds Avis for 8. juli:  «De politikerne som nå ivrer etter å få et pol innenfor kommunegrensene,  skal være klar over at det har en kostnad. De gir et klart signal til ungdommen om at kjøp av alkohol er greit.»
Mitt råd til Sylvia Brustad er enkelt:  Legg bort dette meiningslause framlegget og konsentrer deg om saker som fremjar helsa, og ikkje om slike som er med og bryt helsa ned.

Psykiater, tidlegare stortingsrepresentant
Hans Olav Tungesvik.