Årsbeste av Kjetil Larsen

GJØVIK: Kjetil Larsen er best i fristil. Han hadde difor størst forventingar til fristildelen. Fredagens […]

GJØVIK: Kjetil Larsen er best i fristil. Han hadde difor størst forventingar til fristildelen. Fredagens 99.plass var oppløftande ettersom det er høgt nivå i den uoffisielle noregsmeisterskapen for 14 og 15-åringar. Vindafjord-løparen fekk nok ein gong erfare at dei beste går fort. Krinsmeistaren i Rogaland hadde premieplass som målsetjing i det klassiske rennet. Det klarte han lett ettersom det var heile 150 som blei ropt fram for å motta premie i Gjøvik Fjellhall. Der var det trongt om plassen då nærare 1000 løparar troppa opp på premieutdelinga. Den store deltakinga i Hovudlandsrennet skulle fortelje det meste om langrennsrekrutteringa.
Svært jamt
Det blei som venta svært jamt både på fredag og laurdag. I fristilrennet var det 1,52 minutt som skilde det lokale håpet og Hans Christer Holund (Nittedal) som gjekk til topps. Dersom Larsen hadde gått eitt minutt raskare ville det ha blitt sjuandeplass. Med eit halvt minutts større marsjfart hadde tiandeklassingen vore inne blant dei 20 beste. Storebror Bjørnar var heller ikkje blant dei beste i Hovudlandsrennet. Han hadde imidlertid enorm framgang den hausten han begynte på skigymnaset på Hovden. Same utviklingskurve har klubbkamerat Thomas Vestbø hatt. Sambygding som representerer Vindafjord idrettslag i langrennssammenheng.
Vestbø valde også Hovden etter endt ungdomsskole. Det kjem ikkje Kjetil til å gjere. Han siktar seg inn mot elektroutdanning i Ølen. I så fall kjem han til å bli buande heime.
— Eg kjem heilt sikkert til å trene og konkurrere. Men er usikker på kor hardt eg kjem til å satse i åra som kjem, sa Kjetil Larsen. Tenåringen tvilar på om han kjem til å bruke like mykje tid og energi som broren Bjørnar. Han har bevist at det er fullt mogleg å ta opp kampen med dei beste i landet sjølv om ein kjem frå eit snøfattig distrikt. Sesongen går mot slutten nå, men endå blir det nokre renn før det blir sett sluttstrek.