I 37 år har folk tatt turen til Fjæra for å freiste fiskelukka andre helga i juli. Dette året var det litt færre deltakarar enn det plar å vera. Berre 120 hadde meldt seg på, og det er ein ganske stor nedgang. Tidlegare om åra har talet vore oppi 160 – 170 påmelde. Det nitriste sommarveret kan nok vere noko av grunnen, men Else Fjæra i arrangementskomiteen trur at eit travelt sommarprogram har mykje av skulda.
— Det er blitt så mykje festivalar og arrangement om sommaren at folk får det altfor travelt, ein kan ikkje rekkje over alt, seier ho.
Kong Fisk – alias Ingbert Markhus
Ingbert Markhus er den store fiskaren i Åkrafjorden. I fiskefestivalsamanheng har han fått hard konkurranse blant anna av Einar Lundal, men alt i alt er det Ingbert som plar dra det lengste strået. Også i år var det desse to det stod i mellom, men det vart aldri nokon spanande duell; Ingbert slo Einar med nesten fem kilo!
Stas for dei små
Premie for største fisk gjekk til same mann. Ingbert fekk i land ein rugg på 2,1 kilo, som gjorde at han fekk to pokalar med seg heim dette året.
Det var også mange små fiskarar på Fjæra, og dei fleste hadde fått fisk på kroken.
— Det er blitt tradisjon for meg å vera med på fiskefestivalen på Fjæra, eg har vore med fem gonger no, og det er knallkjekt her! Får alltid med meg ein flott premie, i fjor vann eg ei teleskopstong, sa ein begeistra Helge Jonsson (12) frå Odda.
Dei flotte premiane er blitt ein ekstra god grunn til å freiste lukka på Fjæra; alt frå eit flott peissett til fiskeutstyr, leiker og blomar stod på premiebordet i år.
— Handelsstanden i Etne og Odda har vore kjempeflinke å sponsa oss med freistande premiar. Me fekk ikkje eit einaste nei då me gjekk rundt og spurte. Ein stor takk til dei, seier Else Fjæra.
Attende på trona
I 37 år har folk tatt turen til Fjæra for å freiste fiskelukka andre helga […]