I over 80 år har bakeriet Brødrene Langeland i Isvik i Skjold metta store deler av Haugalandet med baksten sin. Tidleg på natta går dei tilsette på jobb og lagar brødvarer som skal kjørast ut i butikkane tidleg om morgonen. Blant anna til heile Vindafjord, noko i Haugesund, Nedstrand, Bokn og på ulike arbeidsplassar.
— Folk kjem på jobb utover natta, og me er full styrke i sekstida om morgonen, seier Lars Bernhard Rødne, som har jobba på bakeriet i over 28 år. Ti menn og fem kvinner er fast tilsette i bakeriet og utsalet, i tillegg har dei ein lærling som har jobba som sommarvikar der før.
— Mange av dei som har jobba her før tar kontakt neste år og vil komma igjen, så det verkar som at alle likar seg godt her, seier Rødne.
Natt og morgon
I sommarmånadane er bakeriet inne i den travlaste tida i produksjonen.
— Det går veldig mykje på denne tida, spesielt småbrød som mjuke rundstykke og skulebollar, seier Lars Bernhard Rødne. Sju ferievikarar frå Ilsvåg, Skjold og Nedstrand hjelper til for å kome i hamn med baksten på morgonkvisten.
Tor Gunnar Skår frå Skjold er på plass i bakeriet for andre sommar på rad og likar seg godt i jobben.
— Det er grei nok arbeidstid, og me har mange ulike arbeidsoppgåver, seier han. På pauserommet er det god stemning i pausane medan dei ventar på at baksten i omnane vert ferdig. Ut på morgonen og formiddagen er det ikkje mykje igjen i omnane, og bakarane kan avslutta dagen.
— Når me er ferdige for dagen, er det tid for å gå heim og sova igjen. Dei som jobbar her trivest godt, sjølv med den unormale arbeidstida, seier Rødne.
Baksten går unna
I over 80 år har bakeriet Brødrene Langeland i Isvik i Skjold metta store deler […]