Bårerom ved Etne Omsorgsenter

Eg stemde ikkje mot bårerom ved Etne Omsorgsenter, men for eit alternativt forslag i saka […]

Eg stemde ikkje mot bårerom ved Etne Omsorgsenter, men for eit alternativt forslag i saka som òg var for å få på plass att bårerommet. Hovudforskjellen ligg i at eg ikkje stemde for ein bestemt dato for gjennomføringa. Dette gjorde eg ut frå at drifta ved Etne Omsorgssenteret nå går inn i ei travel ferietid, noko rådmannen òg gav uttrykk for. Eg er også sikker på at rådmannen og hans stab tok signala som kom fram i Komite Folk.
Vonar dette klårgjer at Etne KrF ved underteikna ikkje stemde mot bårerom ved Etne Omsorgsenter.

Arnold Solheim