Beste gründarane i sørvest

Ernst & Young arrangerte for fjerde gong gründerkonkurransen «Entrepreneur Of The Year» for bedrifter i […]

Ernst & Young arrangerte for fjerde gong gründerkonkurransen «Entrepreneur Of The Year» for bedrifter i Noreg som har hatt stor vekst dei siste åra. Gjennom ein særskilt kvalifiseringsprosess fekk Hatteland Gruppen, Ølen Betong og Westcon vere med i ein regionfinale i Stavanger, der fem av bedriftene vart sende vidare til den nasjonale finalen.
Av 150.000 selskap i Noreg jobba Ernst & Young i samarbeid med Handelshøyskolen BI med å sile ut selskap, heilt til dei sat igjen med 500 selskap med god vekst og økonomi å vise til dei to siste åra.
For å finne dei 75 kandidatane som skulle få vere med i kåringa i dei forskjellige regionane, vart det lagt ned ein særskilt kvalifiseringsprosess og intervju hjå selskapa.
— Me ser etter vekst og kor god økonomi bedrifta har hatt dei siste åra. Om dei har evne til å utvikle noko nytt og finn opp produkt og tenester sjølve, om det er internasjonalisering i marknaden, var noko av det Ernst & Young sin representant fortalde om.
Hatteland til topps
Av dei 15 bedriftene som var med i regionfinalen, blei Hatteland Gruppen, Ølen Betong, Westcon, SportsClub (Stavanger) og Sense Technology (Kristiansand) kåra til dei fem beste kandidatane, og fekk plakett og billett til landsfinalen i Oslo. Juryen som tok ut kandidatane hadde tilknyting til det lokale næringsliv og offentleg forvaltning.
Jakob Hatteland med Hatteland Gruppen fekk den gjeve Ernst & Young-prisen for den beste bedrifta i sørvestregionen med gode resultat å vise til. Bedrifta har ein omsetningsvekst dei siste to åra på heile 286 prosent.
Knut Vidar Lauritsen, dagleg leiar for Hatteland Display, representerte Hatteland Gruppen.
— Eg hadde ikkje forventa å kome heilt til topps i regionen, men eg er stolt på vegner av Jakob Hatteland. Det var kjekt at det gjekk så bra. I Oslo er det umogleg å seie korleis me kan hevda oss, men det blir nok spanande, seier han, og synest det er kjekt at det internasjonale arbeidet Hatteland Gruppen gjer, også vart sett i fokus i konkurransen.
Til Oslo
Både Ølen Betong og Westcon reiser saman med Hatteland Gruppen til Oslo i november. Gründarane i Westcon; Øystein, Arne og Noralf Matre kunne ikkje møte måndag, men representant for bedrifta, Arne Norheim, var svært nøgd etter å ha tatt i mot plaketten.
— Dette var totalt uventa. Dei tilsette er stolte av bedrifta, og denne prisen kan vere med å gi dei endå meir inspirasjon til å stå på litt, seier Norheim. Han skryt også over Jakob Hatteland og meiner det står stor respekt over den fantastiske jobben han har gjort.
Atle Berge ved Ølen Betong kom også vidare til den store landsfinalen.
— Me har stått på dei siste åra, noko som har gitt bedrifta vår god vekst og gode resultat. Då er det også veldig kjekt å få ein pris som dette, og ikkje minst å få vere med til Oslo, seier Berge. Nokon konkurranse vil han ikkje fokusere på, men legg ikkje skjul på at det hadde vore veldig kjekt om det også gjekk bra i Oslo.
Til Monaco
Sjølv om Hatteland Gruppen vann regionsprisen, stiller alle bedriftene likt i Oslo, der det skal kårast vinnarar innanfor tre bransjekategoriar. Utanom desse prisane, vert det utdelt ein spesialpris til «Young Entrepreneur Of The Year», og den aller gjævaste hovudprisen «Entrepreneur Of The Year 2005» i Noreg. Den som vinn hovudprisen skal representera Noreg i verdsmeisterskapen i Monaco i mai neste år. Om det blir ei bedrift frå Nye Vindafjord som representerer Noreg i Monaco i mai neste år, er uvisst, men med den enorme veksten og økonomien å visa til i dei tre bedriftene, blir dei nok på god høgde med landets andre bedrifter.