Bjoa idrettslag gjennom 60 år

— Eg byrja ikkje å springe orientering før eg var 44 år, så det er […]

— Eg byrja ikkje å springe orientering før eg var 44 år, så det er frå 1978 og utover eg har fotografert, seier Arnulf Utbjoe. Han presenterer ei imponerande samling bilete då Grannar vitjar han. Album på album, med bilete frå orienteringsløp frå heile distriktet.

Jubileum
Bjoa idrettslag vart som mange andre idrettslag skipa etter freden i 1945. Etter at idretten var blitt forsømt og undertrykt så lenge, vakna trongen til idrettsaktivitetar for fullt etter fredsfeiringa. Aktiviteten var stor og variert. Fotball, handball, friidrett, ski, basketball, volleyball, allidrett og orientering er det som har vore ein del av idrettslaget gjennom desse 60 åra. I dag er det ikkje mykje igjen av alt det som skjedde i glansdagane.
— Nei, det er ikkje så mykje aktivitet no. Det var andre tider før. No har ein så mykje å vera med på, at idretten ikkje vert prioritert, seier Arnulf Utbjoe.

120 medlemmer
Lillian Sørensen er kasserar i Bjoa Idrettslag. Ho er ein av dei av dei som kjempar for å halde idrettslaget levande i bygda.
— Me har 120 medlemmer no, og det er liv i både orienteringsgruppa og fotballgruppa. Sjølv om det ikkje er like mange med som før, er det i alle fall aktivitet. I tillegg har me allidrett for ungar under 12 år, turgruppe som passar like godt anten ein er åtte eller åtti og aerobic for damer med Anita Sandsgård som instruktør, seier ho.

Flott klubbhus
Takka vera eldsjeler i bygda er idrettslaget i aller høgste grad levande. Noko av det som Lillian Sørensen er mest nøgd med er at dei har eit så flott idrettsanlegg.
— Eg synest spesielt klubbhuset er veldig flott. Dessutan har me ein bra fotballbane, og temmeleg nyopprusta løpebane, seier ho.
No for tida er det fleire krefter i sving for å byggja ein ballbinge. Det vonar idrettslaget dei får til i samarbeid med skulen. Den største utfordinga idrettslaget har i framtida trur ho er å klare å engasjere alle aldersgruppene i bygda. Sørensen meiner noko av grunnen til at det er dårleg rekruttering til dei ulike idrettane, er at ungdomsskulen er flytta til Ølen. Ungdommane finn seg venner og fritidsaktivitetar der.
— Innsatsen vår må for all del ikkje slokna, då ligg idrettslaget dødt om ikkje lenge, seier ho på klingande vossedialekt.
Laurdag vert jubileet markert med aktivitetsdag og dans på kaien.