Bjørnar kjempa i toppen

Den flotte innsatsen i Vestfold til tross. Bjørnar trur ikkje det han presterte held til […]

Den flotte innsatsen i Vestfold til tross. Bjørnar trur ikkje det han presterte held til VM-tur. Han gjekk ikkje fort nok på laurdag kor det blei 23. plass. For den ambisiøse tenåringen passa det dårleg at VM-uttakingsrennet i Selbu blei avlyst. Bjørnar var i god form og duathlon er ei øving som passar skigymnasiasten. Duathlon er også VM-øving i Slovenia. Larsen har heilt sidan han starta oppkjøringa til denne sesongen, hatt juniorverdsmeisterskapet i Slovenia i tankane. Friskusen har heile tida vore klar over at det vil bli vanskeleg å komme med.
— Eg er første års eldre junior i vinter. Det inneber at eg må finne meg i å måle krefter med Petter Northug og dei som er eitt år eldre. Den utfordringa er eg førebudd til å ta, sa Bjørnar til Grannar før jul. Han får i motsetning til mange av konkurrentane ein ny sjanse til å kvalifisere seg for junior-VM. I 2007 er det Larsen som drar fordel av å vere eldst i klassen.
— Det er veldig motiverande å sjå at eg er på høgde med dei beste. Føler sjølv eg har hatt fin framgang det siste året, sa Bjørnar. Han måtte i går sjå seg slått av Andre Botnen. Røldal-guten og treningskameraten på Hovden, imponerte stort då han staka inn til femteplass.
Chris Jespersen var det også stilt store forventningar til. Skånevik-guten dokumenterte god form då han blei nummer ti på 10 kilometer klassisk. Det var ikkje meir enn godt og vel 20 sekund fram til tredjeplassen. Den tidlegare juniorverdsmeisteren hadde forhåpningar om å kjempe om pallplassering i går.
Målsetninga var å gå så fort at han fekk vere med til Skandinavisk Cup i Sverige, på den norske kvoten. Det får neppe Chris på bakgrunn av helgas innsats. Han vurderer likevel å reise til nabolandet for eiga rekning. Jespersen har på ingen måte gitt opp håpet om å ta opp kampen med dei beste.
Thomas Westbø gjorde også ein flott innsats under noregscupopninga. 17-åringen ser ut til å fortsette den fine framgangen.
Grannar kjem tilbake med meir stoff frå noregscupopninga i torsdagsutgåva. Bortimot 1000 løparar var i aksjon i maratonarrangementet.