Bruk av vegmillionar på Haukelitunnelane

Ein direkte vond smak i munnen får ein likevel når ein høyrer at desse midlane […]

Ein direkte vond smak i munnen får ein likevel når ein høyrer at desse midlane skal brukast for at vogntog opp til 4.10 m skal kunna traffikera tunnelane. Ein brukar altså 25 millionar til dette formålet når ein veit at vogntog opp til 4.20 m har trafikkert desse tunnelane i mange år allerede. Ein må verkeleg spørja seg, er der lite arbeid i Vegvesnet for tida eller flyt dei over av pengar?
Dagbladet tok utfordringa frå transportnæringa og var med eit 4.20 m vogntog frå aust til vest. Dei kunne med sjølvsyn sjå og dokumentera at vogntoget passerte tunnelane – for det første utan å vera oppi taket og for det andre at det ikkje nokon gong var over den gule stripa. Dette har det vore hevda hardnakka frå dei såkalla «kloke» at ikkje var mogleg. Kanskje det hadde vore på høg tid at våre byråkratar kunne nedverdiga seg til å høyra på folk med erfaring etter kvart?
Torp/Ansok hevdar at kjøring med 4.20 m vogntog gjennom Haukelitunnelane er livsfarleg. Me vil då be om dokumenterte ulykker i desse tunnelane dei siste åra som har si årsak i vogntog opp til 4.20 m. Me ynskjer og å få offentleggjort konsekvensanalyse over forventa nedgang i trafikkulykker ved å leggja tungtrafikken via elendige Hardangervegar. For det finnes vel ein konsekvensanalyse?
Elles trur me der er veldig mange trafikkfarlege plasser som skrik etter dei 25 millionane som er bevillga der utnyttinga hadde vore mykje betre. Men skitt og, det er jo berre å hiva opp nokre bomstasjonar her og der så er jo desse midlane og fleire med inntjente att!

Så til slutt :
I Senterpartiet prøver me å leggja til rette for eit sterkt næringsliv som gir trygge og gode arbeidsplasser. Det er her verdiane blir skapte som skal byggja og vedlikehalda ein god offentleg sektor. Det er derfor med bekymring me ser at eit overtallig byråkrati til sine tider ser det som si oppgåve å leggja flest mogleg bører på deira rygg.
Dette må det bli slutt på!

Etne Senterparti Vindafjord Senterparti
Lars Ø. Grønstad Birger Bratland