Denne motsetnaden er ein ganske normal og reell interessekonflikt sjølv om den kan vere lammande for utviklinga. Ja, også ganske kostbar og lite rasjonell dersom bygdene målar kvarandre med millimeterstokk.
Vindafjord må i framtida vise vilje til å satse på Ølen som kommunesenter. Det må skje i form av ei utvikling av Ølen utan nedbygging av dei andre bygdene.
Kommunen bør satse på eitt oppegåande og moderne bibliotek som har plass til langt fleire tilbod enn bøker. Og det er ingen tvil om at det bør vere i kommunesenteret. Men dersom Vindafjord kommune skal investere fleire tiltals millionar kroner i ein part av ressurssenteret der fleire aktørar skal inn, så er det eit uvanleg dårleg tidspunkt å lansere prosjektet på.
Sjølv om toget går blant anna for NAV som treng lokale, er det like fullt eit dårleg tidspunkt kommunen.
Vindafjord står framfor store investeringar i skulane, spesielt i Skjold og Ølen der det blir for trongt. Samstundes har politikarane kutta i drifta på skulane i tre år.
Difor er det ikkje til å undre seg over om det blir reaksjonar på at det nesten opp av hatten kjem eit nytt tiltak der kommunen sin part kan bli rundt 30 millionar kroner. At bygget blir omtala som Ølen sitt operabygg i Haugesunds Avis, fortel også sitt om at prosjektet førebels ikkje er fundamentert på politiske realitetar i Vindafjord.
Vindafjord treng nytt bibliotek, og Ølen kan ha godt av litt spenstig arkitektur, men prosjektet må tole å bli målt opp mot andre prioriteringar i kommunen. Det er ein normal interessekamp.