Det lysnar for lysløype

— Dette er veldig positivt og betyr alt for oss for å gå vidare med […]

— Dette er veldig positivt og betyr alt for oss for å gå vidare med planane. Er ikkje grunneigarane interesserte, kjem me ingen veg, seier Jon Oddvin Moe, leiar i skigruppa i Etne IL.
På årsmøtet tidlegare i månaden slutta grunneigarane i Grindheim og Litledalen Fjellag seg til planane om lysløype.
— Me har ikkje nokon motargument. Det er kjekt at folk kan komma ut, bruka naturen og gå på ski, seier Johannes Onstein, leiar i fjellaget.
Han presiserer at ein endeleg avtale mellom fjellgruppa og skigruppa må godkjennast på eit ekstraordinært årsmøte til hausten.
Ønsket om å etablera ei lysløype i Skarstøl/Hjørnås-området blei tatt opp allereie tidleg på 1990-talet, men aldri har planane kome så langt som nå.
Lysløypa blir planlagd til å vera 2 km lang, og kjem truleg til å starta ved brua ved Hjørnås. Traseen er ikkje avgjort og kjem til å bli utforma i samarbeid mellom grunneigarane, skigruppa, representantar frå skikretsen og kommunen.

Betre rekruttering
Dei siste åra har skigruppa i Etne slite med dårlege vintrar og lite snø, og det har også verka inn på aktiviteten. Moe håper at ei lysløype vil føra til større aktivitet i langrennssporet.
— Ei lysløype betyr at me har moglegheiter til å bygga opp igjen ei aktiv gruppe. Gruppa har slite hardt med dårlege vintrar dei siste ti-femten åra. Det har vore ein aktivitet, men den har vore på nødbluss. Det heng jo saman med moglegheitene for å gå på ski. Eg håper at ved å få ei løype kan det skapa meir stabile forhold slik at det er lettare å planlegga og avvikla renn, seier Moe.
Tanken er også at lysløypa kan vera med og skapa litt meir aktivitet i bygda og kanskje kapra nokre av dei som i dag kjører til Seljestad for å gå på ski.
— Lysløypa skal ikkje vera berre for medlemmer av skigruppa, men for alle som vil gå på ski, poengterer Moe.

Treng pengar
Moe er klar over at det er ein lang veg å gå. Første hinder på vegen er å skaffa pengar.
— Ei slik løype som blir planlagd, kostar gjennomsnittleg 800.000 kroner, men med gode avtalar og mykje dugnadsarbeid trur eg at summen kan reduserast kraftig, seier Moe.
Han reknar med at tippemidlar dekkjer ein tredjedel av finansieringa, og håper også at det lokale næringslivet bidrar.
Moe reknar med at dei kan gå raskt i gang med arbeidet.
— Me får nok ikkje alt på plass til neste år, men kanskje året etterpå utan at eg vil garantera noko, seier Moe.
Skigruppa samarbeider med Etne Røde Kors om lysløypa.
— Me synest det er kjempefint at det kan lagast til noko slikt der oppe. Me har tilrettelagt noko, blant anna med varmestove, og med lysløype i tillegg blir det eit kjempetilbod, seier styremedlem Kjell Reidar Gravelsæter.