Direktoratet ber kommunen om svar

Kristine Farstadvoll ved Helse- og sosialdirektoratet, ber kommunen om å forklare lanseringa av Erling Skakke […]

Kristine Farstadvoll ved Helse- og sosialdirektoratet, ber kommunen om å forklare lanseringa av Erling Skakke –konjakken.
— Me kjem til å sende eit brev til kommunen denne veka, der me ber om eit svar innan to –tre veker. Me kan ikkje gje nokon konklusjon om dette er eit regelbrot før den som står for arrangementet har fått forklart seg.

Kan føre til tvangsmulkt
— Som regel rettar slike saker seg sjølv. Dersom kommunen innrømmer sine feil og lovar å forbetra seg, let me saka ligge. Dersom dei ikkje vedkjenner sine feil, og me trur det kan vera fare for at noko liknande skjer igjen, kan direktoratet krevje ei retting og ei tvangsmulkt, seier Kristine Farstadvoll.
— I og med at kommunen er kontrollinstansen når det gjeld skjenkeløyve, vil det vera veldig uheldig om dette arrangementet ikkje er innan lovlege rammer. Eg synest det er veldig bra at pressa tek tak i saker som denne, seier Kristine Farstadvoll.
Svaret på om Etne kommune har gjort brot på alkohollova og reklamelova kjem når direktoratet har fått svar i frå kommunen.