Først var det storesøster Eydis Dalen (27) som kunne jubla etter at Koll programmessig slo BSI med 3-0. Så var det Torgeir Dalen (21) sin tur til å få kongepokalen etter at Førde svært overraskande slo Tromsø med 3-1.
– Stort, sa dei to som gjekk inn i finalane med heilt forskjellig utgangspunkt.
Koll, med Eydis Dalen på laget dei to siste sesongane, har vunne NM-finalen ni av dei ti siste åra. Førde har aldri vore i nærleiken av å vinna noko som helst, og det var ei stor overrasking for mange at det skulle bli siger over storfavoritten Tromsø som og leiar serien.
– Kan slå alle
– For oss var dette ein stor dag. Vi spela kanskje årsbeste, og det på ein dag der vi verkeleg hadde behov for å ta ut vårt aller beste, sa ein stornøgd Torgeir Dalen etter kampen.
Dette er hans tredje sesong i Førde. Dei to første åra har laget blitt nummer fire og fem i serien. Så langt i år ligg dei på tredjeplass på tabellen og kjempar om medaljar.
– Vi har heva oss veldig på mi tid i klubben. Laget er ungt, og stort sett er det berre lokale spelarar med, seier Torgeir Dalen som er ein av få importar.
– Tidlegare var vi veldig mykje dårlegare enn dei beste. No er vi i stand til å slå alle, men vi er samstundes ikkje betre at vi og kan tapa for absolutt alle, understrekar han.
Koll har vunne det aller meste i norsk damevolleyball dei siste åra. I haust blei dei og nordiske meistrar.
– Vi hadde ingen god NM-finale, men det var likevel moro å vinna, fastslår Eydis Dalen som sikra seg sitt andre NM-gull.
Vinn alt
I fleire år har ho vore ein av våre aller beste kvinnelege volleyballspelarar. Etter at ho flytta frå Ølen har ho mellom anna spela for Fyllingen, no BSI, og Klepp. I tillegg har ho eit par år som profesjonell i Tyskland.
– Dette er min andre sesong i Koll etter at eg kom tilbake frå utlandet. I fjor vann vi alt, i år håpar vi å gjenta den prestasjonen, seier Eydis Dalen.
Ho understrekar at det laget gjorde i helga langt i frå var nokon lysande sportsleg prestasjon.
– Vi vann, og vi kontrollerte finalen som aldri blei nokon god kamp. På ein dag der vi ikkje kom opp i mot vårt beste, var det utan tvil sigeren som gleda mest, innrømmer ho.
Stor oppleving
Volleyball er ein liten idrett i Noreg. Internasjonalt har vi ikkje prestert noko som helst dei siste åra, mens det har vore mange gode resultat i sandvolleyball.
– Volleyballen slit litt hos oss. Difor var det moro i helga med TV på plass og utselt hall, seier søskenparet frå Ølensvåg.
Eydis Dalen er blant dei beste spelarane vi har hatt her i landet dei siste åra. I fjor vart ho kåra til eliteseriens beste, og ho har spela på landslaget i fleire sesongar.
– Om det blir meir spel for Noreg veit eg ikkje. Det blir i alle fall spel utandørs neste sommar, seier Eydis Dalen som spelar saman med Kristine Wiig frå Skudenes i sandvolleyball.
– Som par tek vi eit år til. Med Koll blir det og minst eitt år til om ikkje noko heilt spesielt skulle skje, seier Eydis Dalen som til dagleg studerar på landbrukshøgskulen på Ås.
– Her har eg tre år igjen, så eg er ganske bunden til Koll, Oslo og Ås, avsluttar ho.