Dobbel pott i kassabilløpet

— Me bygde bilen på to og ein halv dag i lag med pappa. Fremste […]

— Me bygde bilen på to og ein halv dag i lag med pappa. Fremste rada med dekk kjem frå ei barnevogn, medan dekka bak kjem frå leiketraktoren min, sa ein svært stolt Sølve Olaus Østbø etter premieutdelinga.
Kassabilløpet gav ein god peikepinn på oppmøtet rundt marknaden kontra sist år. I fjor stilte 12-13 kassabilar til start, i år var det berre fem. Det var lite som minna om ein haustmarknad i Ølen på laurdag. Det førehandsomtalte torget, som skulle opna klokka ti, var det mange som leita etter. Publikum som ville handla på torget, måtte snu.
— Skal dette liksom vera ein marknad?, var det fleire som spurde. Mange trudde dei hadde sett feil på programmet og valt feil dag.
Og arrangørane tar sjølvkritikk.
— Me har ein del å jobba med. At det ikkje vart noko torg utanom vaffelsteiking og sal av bakt potet, er for dårleg, seier Birgithe Klungland i Ølen Forum.
Godt besøk på galleri
I Bjarnes Hus var det opning av kunstutstillinga til Hanna von der Lippe.
— Me har hatt godt besøk, og mange falt pladask for kunsten til Hanna, sa ein godt nøgd Bjarne Krohn Lie.
Innehavar av Hans og Grete, Anne Aasheim Stople, var òg godt nøgd, og hadde langt fleire kundar enn på ein gjennomsnittleg laurdag. Også på Baronen Pub hadde dei nok å henge fingrane i. På trylleshowet var det mykje ungar som storkoste seg.