Vindafjord lensmannskontor er i ferd med å nøsta opp ei sak som omfattar fleire tjuveri. Ein ca 30 år gamal mann frå Etne blei måndag pågripe i Ølen mistenkt for køyring i rusa tilstand. I kjølvatnet av saka har politiet kome over ein god del tjuvgods som stammar frå fleire stader i regionen.
Den pågripne er domfelt for 14 dagar sidan; ein dom som enda med ni månaders fengsel. Politiet er heilt i starten av etterforsking av den nye saka.
Lensmann Ingvar Gjerde opplyser at den pågripne blir vurdert framstilt for varetekstsfengsling i Haugesund på vesle julaftan. Dermed kan det bli julefeiring bak lås og slå for mannen.
Domfelt etnebu pågripe igjen
Vindafjord lensmannskontor er i ferd med å nøsta opp ei sak som omfattar fleire tjuveri. […]