— Møtet gjekk greitt, men eg kan ikkje skjule at det var ei dyster stemning, seier fabrikksjef Ståle Lærdal.
Han fortel at det vart orientert om oppseiingstida. Brev om oppseiing vil bli sendt dei tilsette i januar neste år, og anlegget skal vere lagt ned 24. mars. Det vil bli litt etterarbeid, som nokre av dei oppsagde vil få tilbod om.
— Men vi veit jo ikkje kor mange som er igjen her då. Fleire har alt i dag søkt andre jobbar, fortel han.
Personalsjef Anita Wiberg var med på møtet måndag, og alle som mister arbeidet sitt, fekk ein samtale med henne aleine. Det vart opplyst at personalavdelinga vil ta kontakt med dei største eigarane, som er Gilde Vest og Fatlandgruppa, for å høyre om det er ledig arbeid i systemet.
Aetat var òg med på møtet, og det vart uttalt derifrå at det skal vere gode sjansar når det gjeld å få arbeid i kommunen. Arbeidsløysa er lita i distriktet.
— Dei som blir ledige, er folk som ikkje er redde for å få skit på hendene, og ta i eit tak, seier Lærdal.
Men trass i gode moglegheiter for nytt arbeid, legg ikkje Lærdal skjul på at arbeidsplassen blir eit sakn. Arbeidsmiljøet her har vore heilt spesielt.
— Vi har vore som ein stor familie. Litt lukt har det vore, men vatn og såpe har vi.
Lang transport
Anlegget i Sandeid har tatt i mot slakteavfall og dyrekadaver frå Røros i nord til Kristiansand i sør, fortel Ståle Lærdal.
Men han understrekar at sjølv om anlegget blir lagt ned, vil det framleis bli henting av dyrekadaver i distriktet. Det blir jobba med ordningar, som vil bli offentleggjorde når dei er i orden.
Når Norsk Protein AS legg ned anlegget i Sandeid, skaper dette uvisse hos mange av dei som arbeider med transporten. Det er tre – fire store transportfirma som blir berørte.
Geir Ola Sæteråsen frå Hurdal ved Gjøvik køyrer for Kjell Nilsen Transport i Kvinesdal. Han har akkurat kome aust frå med eit lass dyrekadaver frå Østfold og Vestfold. Han fortel at han har gjort i gjennomsnitt tre turar austfrå i veka til anlegget i Sandeid.
— Når anlegget her blir lagt ned, veit eg ikkje kva det blir til. Heile transportmønsteret hos Norsk Protein vil bli endra, men eg har fått beskjed om ikkje å finne meg nokon annan jobb i allfall. Det tyder på at eg vil ha denne jobben framover også, seier han, og legg til at det er synd at anlegget blir lagt ned i Sandeid. Turen over Haukeli påstår han at han vil sakne.