Det er blitt heile 77 nye vindafjordingar i løpet av fjoråret. Nærmare ein prosent vekst er eit solid tal når det gjeld folkeauke.
— Jo, det er kjekt å bidra, ler Hanne Haraldseide Brekke.
— Frå før hugsar eg slike tal som pluss fire og minus to, og i den duren. Så dette talet høyrest bra ut.
Familien har bidratt med tre nye innbyggjarar, og det ho som er årsaka til at dei valde Vindafjord.
Dei har kjøpt seg hus eit steinkast frå gardsbruket i Skjold der ho er oppvaksen.
Familie viktig
— Vi har jo i tankane å ta over foreldra mine sin gard, og vi var heldige å få kjøpe eit hus like ved.
Vi kjem frå gard begge to, og å ha litt luft rundt seg og firbeinte venner, er noko vi også vil ungane skal vekse opp med, fortel ho.
I september kom dei frå Stavanger, og dei har også budd fem år i Bergen. Ho har fått seg jobb i skatteetaten i Haugesund og ektefellen Jan Åge Brekke (31) er ganske fleksibel sidan han arbeider i Nordsjøen. Han er frå Etne, og har dermed også flytta nærmare oppvekstkommunen.
Seks år i byen
— Venner og familie har betydning for at vi flytta tilbake. Når ein får ungar, er det kjekt å bu nærmare familie som kan trø
til dersom vi treng barnevakt til dømes. Dei stiller jo gjerne opp. Dessutan er det også viktig å få eit arbeid ein vil ha, seier ho.
Den tilbakeflytte vindafjordingen kunne aldri ha tenkt seg utan dei åra ho har budd i regionhovudstadane på Vestlandet.
— Eg har alltid visst eg ville tilbake. Men det er bra å utprøve byen først og skaffe seg utdanning.
Større enn nokon gong
Vindafjord er no større enn den nygifte kommunen Ølen+Vindafjord i januar 2006, som hadde nedgang dei to første
åra. Per 1. januar 2009 var det 8.161 vindafjordingar, mot 8.119 ved inngangen til 2006. Dermed kan kommunen vere ferdig med
den ikkje så lystige utforbakken i starten.
Folkeveksten i Vindafjord har først og fremst årsak i tilflytting, og med 85 fødde barn i fjor, er det under middels. Til samanlikning
var det 118 femåringar i fjor; altså barn som skal byrje på skulen til hausten.
Vindafjord hadde folkevekst gjennom heile året, og Statistisk sentralbyrå sine prognosar i desember
var at veksten skulle bli endå større, nesten 1,2 prosent.
Fødselsoverskotet var på 15 personar, og det var 51 fleire som flytta inn enn ut av kommunen i fjor.
Dermed er det tilflytting som er motoren i veksten i Vindafjord.