Ein mann omkom i Åkrafjordtunnelen

Politiet fekk melding om ulukka klokka 06.41 tysdag morgon av ein annan bilførar som kom […]

Politiet fekk melding om ulukka klokka 06.41 tysdag morgon av ein annan bilførar som kom kjørande. Det var ein BMV personbil som hadde køyrt i tunnelveggen tre kilometer inne i tunnelen frå austsida. Politiet kunne tysdag morgon ikkje seia om bilen kom aust- eller vestfrå. Luftambulanse og lege blei rekvirert, men det blei konstatert at mannen var død på staden.
Politiet har ikkje frigjort identiteten på den omkomne, men opplyser at han ikkje kjem frå distriktet.
Vegen var stengt frå klokka 06.45 til klokka 08.30 då ein kjørebane blei opna for trafikk.