Favorittane til topps i nattcup

— Alt har gått utruleg knirkefritt. Me var litt spente på korleis press frå fulle […]

— Alt har gått utruleg knirkefritt. Me var litt spente på korleis press frå fulle ungdommar utanfrå ville bli i år, sidan det har vore eit problem tidlegare, men alt gjekk mykje betre enn forventa, sa ei svært nøgd Veronica Jacobsen, som var årets nattcup-sjef i russekullet.
I år var kampane litt lengre enn det dei brukar å vera; kvar kamp var på 12 minutt. Tidsskjemaet vart og følgd til punkt og prikke, og det er ein imponerande prestasjon. I mål til rett tid med 48 kampar og trøytte deltakarar er godt gjort.

Salet gjekk unna
I kiosken i idrettshallen var det hektisk aktivitet. Russekullet hadde laga pizza, kaker, vaflar og rundstykke som dei selde. Og det smaka; det var høg aktivitet i kiosken heile natta. Overskotet av cupen skal russen bruke til sydentur til Gran Canaria.

Finalane
I guteklassen møtte favorittane «The loosers», som vann nattcapen som 10. klassen i Ølen arrangerte for to – tre veker sidan, «Rullestolkameratane» frå Etne. Som venta gjekk Alfred Berge, Erik Reistad og dei andre på «The loosers» av med sigeren. I jenteklassen var det «Las Migas» frå Sandeid som gjekk av med sigeren over arrangørlaget «Russejentene».