Fekk storfisken på kroken

Trass den unge alderen, har Rasmus Lærdal vore ein ivrig fiskar i fleire år. På […]

Trass den unge alderen, har Rasmus Lærdal vore ein ivrig fiskar i fleire år. På fredag var han på fisketur saman med faren og dei to trillingsyskena sine.
— Rasmus fekk ei svidde på same staden i fjor, fortel far Svein Helge Lærdal stolt. Hølen går under namnet Nedre Luringen, og ligg på Berge Kjell Opsal sin eigedom på nordsida av elva. Ein gjeng frå Sandeid har fire fiskekort på dette strekket, og Lærdal og borna fiskar gjerne ein gong i veka.
Rasmus Lærdal fiska med makk då storfisken beit, og åtteåringen køyrde den store laksen i elva i fem minutt før fisken blei håva på land.
Å kjenna rykket frå ein laks i femkilosklassen aukar pulsen og får fram smilet hjå kvar ein elvefiskar. Kor spesielt er det at ein åtteåring får ein så stor laks på kroken? Ein telefon til fiskeentusiasten Eirik Reinsos i Vats syner at dette slett ikkje er daglegdags.
— 5,3 kilo? Kjempestilig! Når born får fisk på over ein kilo, så er det bra. Reis og ta bilete av han med ein gong, kjem det kontant frå Reinsos.
Det er teke skjelprøve av fangsten, og det er ikkje tvil om at det er ein ekte villaks som nå har enda opp i fryseboksen hjå familien Lærdal.