Flyktar frå finanskrisa

KARI AAKRA   Bjørnsson kjem frå den vesle bygda Stöovarfjordur på austkysten av Island. Som […]

KARI AAKRA
 
Bjørnsson kjem frå den vesle bygda Stöovarfjordur på austkysten av Island. Som 17-åring er det ikkje uvanleg å ta eit pauseår
frå den fireårige vidaregåande utdanninga på Island. Bjørnsson hadde planen klar, han skulle arbeida eitt
år på fiskebåt etter sommaren, før vidare utdanning, eit vanleg val for mange unge islendingar.
I løpet av hausten slo finanskrisa innover Island, arbeidsløysa skaut fart,
til liks med låna og prisane, ogparallelt med ein dramatisk valutakollaps.
Brorparten avBjørnsson sine jamaldrande vener går på arbeidsløysetrygd, nok ei uviss støtte.
— Mange er usikre på om Island i det heile tatt vil ha råd til å betala ut all arbeidsløysetrygd framover. Alt er berre kaos i heimlandet, fortel den unge islendingen til Grannar.
 
Vanskeleg for alle
Bjørnsson kom til broren Tom P. Bjørnsson og familien hans i Skånevik på måndag. Nå ventar han på kjærasten på 19 år, som ogsågår utan arbeid heime påIsland. Men også dei yrkesaktivekjenner på økonomiskevanskar. Storesøstertil Bjørnsson, har full jobbog er avdelingsleiar på einstorkiosk. Likevel håpar hoå koma til Noreg til sommaren.Full månadsløn forhenne endar på i underkantav 10.000 norske kroner, ogmed skyhøge lån og doblaprisar på dei mest naudsyntevarene kvardagen krev, hjelpdet lite med arbeid i eit kriseråkaland.
— Prisane på brød og mjølk har auka med hundre prosent. Dopapir er 70 prosent dyrare. Fleire som har mista jobben, må nøya
seg med dårlegare betalt arbeid, medan låna fyk til himmels. Eg kjenner fleire med svært høg utdanning
som nå pakkar fisk for å tena til livets opphald. Og for dei som er unge, og utan arbeidserfaring er situasjonen
håplaus. Dei får ikkje arbeidsløysetrygd, og har ikkje lengre håp om å få jobb, fortel 17-åringen.

Ny kvardag
Etter ein kjapp gjennomgang konkluderer Bjørnsson med at 15 av hans jamaldra i heimbygda på totalt 200 innbyggjarar
er arbeidslause. I tillegg til Canada og USA, trur også mange at Noreg er eit lova land for å koma bort
frå det økonomiske uføret.
— Eg er overtydd om at eg vil få arbeid i Noreg. Her
er det ikkje kaos, Noreg er ikkje kava opp slik som
Island. Nordmenn kastar seg ikkje over tilbodsavisene, og
hamstrar ikkje inn rimelege varer.
Heime i Stöovarfjordur har innbyggjarane «ingenting
» att i bygda. Allereie i fjor vår merka dei at økonomien
var på veg nedover.
Nå fortel Bjørnsson at det ikkje eingong finst butikk
på heimstaden. Dei har ein bensinstasjon som sel det mest naudsynte, og ein bank. Dette er ein heilt ny
kvardag etter at oppgangstidene bråsnudde.
— Før brukte folk på min alder pengar i hytt og pine.
Mellom anna kjøpte «alle» seg dyre bilar. Ein kamerat
kjøpte seg ny bil til tre millionar islandske kroner i fjor.
Nå er lånet hans på over fem millionar, fortel Bjørnsson.

Studentknipe
Fleire elevar ved den vidaregåande skulen tvingar seg gjennom skulen, og håpar
krisa vil ha snudd til dei er ferdige på skulen, fortel Bjørnsson.
Han var nøydd til å flytte for å gå på skule.
— På seks månadar får eg studiestøtte på 100.000 islandske kroner, noko som tilsvarar omlag 6.000 norske.
Desse pengane skal brukast til å betala for internatopphald, mat, skulebøker
og datautstyr, fortel Bjørnsson.
Skulen på Island krev at elevane har datamaskin, og alt blir formidla elektronisk.

— Vil snu
Tidlegare hadde skuleungdom på Island gode vilkår for å spara seg opp skulepengar i feriane, då heile landet hadde ei ordning som sikra alle skuleungdommar sommarjobb.
Denne ordninga forsvann med finanskrisa. Om finansmørket ligg over heimlandet
nå, ser ikkje Bjørnsson for seg at Island skal bli liggjande
«nede» altfor lenge. Om nokre å håpar han å flytta heim att.
— Nå vil eg vera i Noreg, men om nokre år har Island teke seg opp att. Folk heime ser berre framover nå, dei kan ingenting
gjera med situasjonen, og reknar med at tida vil snu. Det må snu, seier den unge finansflyktningen.