Fotgjengar hardt skadd

Ulykka skjedde like ved Etne tinghus på E 134 og vart meldt til politiet klokka […]

Ulykka skjedde like ved Etne tinghus på E 134 og vart meldt til politiet klokka 18.55. Kvinna vart påkøyrd i ein opplyst fotgjengarovergang av ein bil som var på veg vestover. Kvinna vart kasta over i motsett køyrefelt og vart deretter treft av ein annan bil som køyrde i motsett retning. Ambulansepersonell kom til staden innan eit kvarter, og fastslo at kvinna hadde alvorlege skadar.

 

Bilførarar i avhøyr

Luftambulanse frå Bergen vart tilkalla, men måtte snu på grunn av dårleg vêr. Men det var eit Sea King helikopter på veg til Etne for å henta to hundeførarar som skulle til Stavanger for å delta i ein leiteaksjon etter eit ras. Omprioritering gjorde at helikopteret kunne frakte kvinna til Haukeland. Hundeførarane vart frakta til Stavanger med politibil.

Det tok ei stund før helikopteret kunne lette fordi ambulansepersonellet måtte stabilisera den skadde kvinna først.

Dei to bilførarane som var innblanda i ulykka, sat torsdag kveld i avhøyr ved Etne lensmannskontor. I tillegg var politiet og Statens vegvesen si ulykkesgruppe i gang med undersøkingar på ulukkesstaden