Fryktar Fatland blir vinnaren

Områdeleiar for kjøtleverandørane (eigarane) i Nord-Rogaland og Sunnhordland, Rasmus Tore Stople, presiserer at det ikkje […]

Områdeleiar for kjøtleverandørane (eigarane) i Nord-Rogaland og Sunnhordland, Rasmus Tore Stople, presiserer at det ikkje er større fare enn tidlegare for at slakteriet i Sandeid kan bli lagt ned.
Overkapasitet mellom Boknafjorden og Nordfjord har ført til at Gilde sine tre slakteri i Sandeid, Granvin og Førde har vore under lupa ei stund.
— Sandeid er difor ikkje meir aktuell enn tidlegare. Styret i Gilde Vest har bede om å få fleire opplysningar før det blir fatta vedtak. Ut over dette, er det ingenting som har endra seg. Sandeid har vore med i denne vurderinga heile vegen, seier Stople.

Trur ikkje på nedlegging
Det var venta at styret ville vende tommelen ned for Granvin på styremøtet sist veke. I staden vart saka utsett og styret ville ha nye opplysningar på bordet.
— Det er for tidleg å kome med bastante meiningar om dette no. Det er klart det ville vere ringt om slakteriet i Sandeid skulle bli lagt ned. Eit slikt forslag blir det i alle fall bråk om. Men slik eg vurderer det i dag, ser eg ikkje stor fare for det, seier Stople.
Ein av styrkane til slakteriet i Sandeid er at det slaktar alle tre dyreslaga, medan Granvin har storfe og sau, men ikkje gris.
Dessutan er det foredling av kjøt både i Haugesund og Forus i Gildesystemet.

Fatland står klar
Den aller største ulempa for Gilde er i tilfelle å bli ståande utan slakteri på Haugalandet og Sunnhordland. Det kan føre til ein leverandørflukt over til det private slakteriet Fatland Ølen dersom slakteriet i Sandeid blir lagt ned.
Det er ein tøff kamp om råvaremarknaden der Fatland er ganske aktiv. Det kan ramme Gilde hardt dersom selskapet mistar leverandørar i det dyretette distriktet.
— Det er ein reell fare for at Gilde vil tape slakt ved ein stor flukt over til Fatland. Difor må styret i Gilde vest også tenkje strategisk, og ikkje berre økonomi, meiner Stople.

Botnlinje avgjer
Lars Ø. Grønstad er tillitsmann for Etne-leverandørane i Gilde, og han deler denne vurderinga om at Sandeid er viktig for å ha ein sterk posisjon blant leverandørane i distriktet.
— Dette er ei kjent problemstilling i Gilde, og det er eit sterkt engasjement for å halde oppe slakteriet. Det same gjeld sjølvsagt bøndene i Kvam og Voss som gjerne vil behalde Granvin. Når det kjem til stykket må vi leverandørane akseptere at det er botnlinja som er avgjerande. Kjøtsamvirket må følgje utviklinga i resten av samfunnet, og då er det pengane ein sit igjen med som er viktige. Vi kan ikkje sjå på at det er overkapasitet i området som blir vurdert. Rasjonalisering i kjøtsamvirket har gitt store gevinstar, seier Grønstad.

Lei krokodilletårer
Han har fått nok av politikarane sine krokodilletårer som legg opp til ei slik utvikling, men som i neste omgang skrik opp når det er heimepublikum som blir ramma av bedriftsnedlegging.
— Det er dobbeltmoral. Slik Sponheim har stilt opp for Granvin, seier Grønstad.
I siste instans er det Norsk Kjøtt som avgjer om og kven av slakteria som skal leggjast ned i denne regionen av Gilde Vest.