Fysioterapitenestene i Etne kommune

Men det er fortsatt einskilde sider ved informasjonen som er gitt (og informasjon me om […]

Men det er fortsatt einskilde sider ved informasjonen som er gitt (og informasjon me om mogleg ikkje har fått), som gjer at me undrar oss om alle brikkene i puslespelet, som helseleiaren kallar omorganisering, ikkje er lagde fram for oss.
I eit oppslag på omsorgssenteret i Skånevik seier nemleg helseleiaren i slutten av 2005 at ho er lei for dei lange ventelistene, men at stoda skal bli mykje betre etter 1. januar 2006, for då skal ein ergoterapeut styrke og avlaste fysioterapeuten.
Like etter vart dette oppslaget fjerna. I staden kom det eit nytt oppslag med opplysningar om at dei lange ventelistene m.a. var grunna oppfølging av born med funksjonshemmingar, søknadar om hjelpemidlar som hadde auka sterkt. Den same auken hadde ein fått innan rehabiliteringsarbeid på sjukeheimen og med nyopererte pasientar. Elles var det tiltakande arbeid ved helsestasjonen.
I denne informasjonen var det ikkje sagt eit ord om omorganisering av tenestene, heller ikkje eit ord om at den kommunale fysioterapeuten i Etne hadde sagt opp stillinga si og skulle gå over til privat verksemd i Etne.
Denne siste opplysninga har me fått frå «folk på bygda». Ingen i den kommunale tenesta, som me har hatt kontakt med, har kunna dokumentera at dette er slik. Medarbeidarar av denne fysioterapeuten er etter det me veit heller ikkje orientert om at fysioterapeuten skal slutta.
Derimot har me høyrt at det er på gang ein avtale mellom kommunen og ei privat verksemd om kjøp av denne typen helsetenester.
Fleire politikarar me har hatt kontakt med er litt forvirra over desse uklåre puslebrikkene, og me blei ganske forundra då me såg at Etne kommune lyste ut etter ergoterapeut i Grannar den 26, januar.
Var det den terapeuten helseleiaren lova skulle vera på plass 1. januar? Kva har gått gale?
Eller er heller dette ulne og uklåre biletet prov på at kommunen er på veg til å privatisera deler av helsetenestene sine?
Me ber om ei meir eksakt avklaring enn den helseleiaren gav oss i Grannar. Det vil dessutan vere storvegs om ordføraren kan gje oss svar på korleis me i framtida skal motta korrekte informasjonar om vitale endringar som ligg føre i tenestetilbodet, anten dei er planlagde eller ikkje.
Ordføraren har enda ikkje svara oss på korleis han ser for seg informasjonen til interesserte innbyggjarar som ikkje sit tett innåt den politiske leiinga, skal vera.

Med helsing
fire vaksne damer
ved Gudbjørg
Christophersen