Går til Haugesund

Bjørn Alvseike har lang fartstid ved Ølen lensmannskontor, dei siste snart fire åra som lensmann. […]

Bjørn Alvseike har lang fartstid ved Ølen lensmannskontor, dei siste snart fire åra som lensmann. Han søkte ikkje stillinga som øvste sjef for nye Etne, Vindafjord og Ølen lensmannsdistrikt. Den har lensmann Ingvar Gjærde i Vindafjord fått.
Heile politidistriktet
Alvseike har takka ja til å bli administrativ leiar for operasjonssentralen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Det er ei nyoppretta stilling han går til i Haugesund som seksjonsleiar for operasjonssentralen.
— Eg ser fram til ein interessant jobb der eg får vere med å utforme innhaldet sidan det er ei ny stilling. Seksjonsleiaren skal ha eit spesielt auge for å få mest mogleg ut av dei ressursane vi har tilgjengelege ute i felten. Det er jo ein viktig del av politireforma å organisere politistyrken på ein best mogleg måte. Det inneber mellom anna å arbeide med rutinane, seier han.
Operasjonssentralen har kommandoen over det som skjer i felten i politidistriktet, spesielt utanom kontortid. Alvseike skal også gå inn som operasjonsleiar når det er bruk for det.
Etne freista ikkje
Bjørn Alvseike kom til Ølen lensmannskontor i 1979, og har vore der sidan, med unntak av åtte år i andre distrikt.
— Nei, det freista ikkje å bli lensmann i Etne. Mitt personlege syn på politireforma er at vi burde hatt eitt felles kontor for dei tre kommunane. Det ville gjort det enklare og meir interessant, seier han.
Han tar også med seg at det er langt lågare pensjonsalder i den nye jobben samanlikna med lensmenn som må stå til 67 år dersom dei ikkje går over i vanleg politiarbeid før dei pensjonerer seg.
— Eg kjem nok til å sakne miljøet i Ølen og kontakten med publikum mest, seier Alvseike som startar pendlinga frå Ølen på måndag.

Lensmann i to kommunar

Ølen og Vindafjord får felles lensmann fram til samanslåinga av dei to kommunane i 2006. Ingvar Gjærde skal vere lensmann for begge kommunane i denne perioden, samstundes som han frå måndag av går inn som driftssjef for Etne, Vindafjord og Ølen lensmannsdistrikt.
Kommunesamanslåinga er sånn sett eitt år for seint ute i høve til det som er vedtatt i politireforma for dei to kommunane. Gjærde vil vere lensmann for begge kommunane ut neste år, og det er lite sannsynleg at kontora i Sandeid og Ølen blir slått saman før om eitt år, i nye lokale i Ølen.
— Publikum vil ikkje merke noko til dette. Dei vil få utført tenestene som før på begge kontora inntil vidare. Deretter blir det eitt kontor for Vindafjord i Ølen, forklarer Gjærde.
Når to lensmenn blir til ein frå måndag av, blir det ikkje tilsett ny polititenestemann i Ølen. Lensmann Gjærde skal pendle mellom dei to kontora som dermed mistar ei stilling. Om distriktet får tilbake den stillinga, er usikkert. Det kan vere at den blir slusa til Haugesund. Eit utval er i arbeid for å vurdere ressursane i politidistriktet.
Etne konstituerer
Lensmann Gjærde opplyser at han alt er blitt kontakta av aktørar som ønskjer å skaffe politietaten nytt og større hus i Ølen.
— Vi har arbeidd mest med organisasjonen, og etter nyttår kjem husspørsmålet på sakskartet for alvor. Det er aktuelt å lyse etter lokale, anten nybygg eller i eksisterande bygningar. Vi får vurdere dei tilboda som kjem inn, seier han.
Ved Etne lensmannskontor blir Jan Erik Matre konstituert vidare fram til sommaren før det blir tatt stilling til utlysing av denne jobben. På grunn av konstituering ved kontoret, har Etne ein betjent mindre enn før. Denne ledige stillinga vil bli fylt igjen etter årsskiftet.