— Eg er glad for det store engasjementet som er blitt vist høyringsnotatet vedkomande ny barnehagelov. Det ser eg på som svært positivt, og nå når avgjerda er tatt, er det ei lette, seier barne- og familieminister Laila Dåvøy, under besøket i Skånevik barnehage onsdag. Regjeringa har møtt stor motstand etter at dei i høyringsnotatet dei sende ut i haust, ville skjere ned talet på førskulelærarar i barnehagane.
Heile 80 prosent av kommunane ville ikkje ha det slik, endå det i høyringsnotatet blir gitt større sjølvråderett til kommunane. I og med at kvar kommune sjølv skulle få bestemme kor mange barn det skulle vere til kvar førskulelærar.
Ikkje nederlag
Dåvøy avviser at regjeringa har lidd noko nederlag i saka.
— Barnehagelova var ute til høyring med fire framlegg. Der har alternativ A fått størst støtte, noko som vil seie at regjeringa kjem til å vidareføre lova når det gjeld personale slik ho er i dag. Dette er sjølvsagt etter den massive støtte dette har fått i både foreldregrupper og blant andre i saka, seier ho.
Både foreldre, Utdanningsforbundet og fleirtalet av kommunane har sagt klårt i frå om at ei nedbemanning av pedagogisk personell ville gi ein lågare kvalitet på tilbodet i barnehagane.
Når det gjeld andre delar i ei ny barnehagelov, så vil regjeringa avklare desse dei første månadane.
I Skånevik
Styrar i Skånevik barnehage, Gunhild Bøvor, viste barne- og familieminister Laila Dåvøy rundt i Skånevik barnehage, og det var tydeleg at ministeren likte det ho såg. Ikkje minst den koselege uteplassen, der det var tent bål som varma både små og store.
Laila Dåvøy besøkte Etne i samband med at ho var gjest på årsmøtet i Etne KrF. Besøket i Skånevik barnehage var det einaste besøket i barnehagar i kommunen, men etter å ha snakka med barna i Skånevik barnehage, og møte med styrarane i barnehagane i Etne kommune, møtte ho den politiske leiinga i kommunen.
Varaordførar Siri Klokkerstuen leia møtet der statsråden møtte den politiske leiinga.
Klokkerstuen seier at det er viktig å drøfte aktuelle utfordringar i kommunen med ein så sentral politikar som Laila Dåvøy.
— I samtalen vil det særleg bli lagt vekt på det som gjeld oppveksten for barn og unge og skule- og barnehage, seier Klokkerstuen.