Alt tydar også på at det vert meir storlaks i år, samanlikna med i fjor. Det går igjen i dei fleste lakseelvane.Likevel er det skjær i sjøen, eller rettare sagt elva. Innblandinga av oppdrettslaks aukar jamt og trutt, og kvart år blir talet på rømmingar frå oppdrettsanlegg høgare. I fjor var det nær ein million laks som forsvann frå anlegg langs norskekysten. I tillegg er det truleg mørketal på grunn av underrapportering av rømmingar. Dette er tal som er grunn til å uroa seg over.
Funn dei siste 15 åra viser at rundt 20 prosent av gytelasken kvart år er oppdrettslaks. At laksestammene står i ferd med å bli utrydda er det for seint å gjera noko med etter at det har skjedd. Ulike rapportar frå forskingsmiljøa åtvarar mot at villaksen kan vera utrydda om førti til hundre år dersom utviklinga held fram som i dag. I både Etne og Vindafjord er elvefiske viktige næringar på fleire måtar, og det hastar med å finna gode løysingar som gjer at både oppdrettsnæringa og villaksefisket kan leva godt side om side.
Både Fiskeridirektoratet og Direktoratet for naturforvalting jobbar for å finna slike løysingar. Dei verkemiddela som alt er tatt i bruk, er heilt tydeleg ikkje nok. Sterilisering av oppdrettsfisk samt fiske etter rømt oppdrettslaks på næringa si rekning, er nye tiltak som vert vurdert. Dette er tiltak som kan vera med å betra situasjonen, men det viktigaste er at noko skjer.No er det likevel viktig å gleda seg over det som teiknar til å bli ein svært god fiskesesong. Mykje fisk, og stor fisk, er god reklame for elvane og bygdene. Fisketuristar kjem tilbake år etter år på jakt etter den gode opplevinga. Det er det fleire enn elveeigarane og fiskarane som nyt godt av.