Grip fatt i det frivillige

— Det er ikkje noko nytt vi skal finne opp. Det er stor frivillig innsats […]

— Det er ikkje noko nytt vi skal finne opp. Det er stor frivillig innsats i bygdene, både gjennom nabohjelp og dugnad. Vi skal fange opp nye grupper som kan ha bruk for hjelp, seier Ole Funderud.
Frivilligsentralane blir finansierte med 60 prosent statlege kroner og resten lokalt. Leiaren for sentralen er den einaste som får betalt for jobben.

Ut i lokalsamfunnet
— Eg skal i første omgang kartleggje kven som har behov for hjelp og få fram tiltak som kan vere positive for både enkeltpersonar og fellesskapet. Eg skal også fange opp kven som kan vere interessert i å vere med å gjere eit frivillig arbeid i lokalsamfunna i kommunen. Min jobb er å koordinere, seier Funderud.
Han har sjølv lang fartstid i frivillig arbeid, og meiner det er svært viktig for å halde samfunnet i gang. Pluss at det gir ein noko å delta, meiner han.
— Eg trur faktisk det er ein del som sit heime og tvinnar tommeltottar og kjedar seg. Eg meiner det er viktig å få folk opp av sofaen og ut i lokalsamfunnet. Sjølv synst eg det er lite givande å vere passiv. Men eg forstår sjølvsagt at mange har det travelt på det private planet med jobb og familie. Vi vil ha tak i dei som har tid og lyst.
Funderud presiserer at ein frivilligsentral ikkje finn opp noko nytt, den skal vere eit supplement til det som alt fungerer bra.

Frå Løten til Skjold
Funderud kom til Skjold frå Løten på Hedemarken som 17-åring for å arbeide som avløysar på to gardar. I Skjold fann han også kjærleiken og stifta familie saman med Heidi Wannberg. Han budde 19 år i Skjold før familien flytta til Sandvik gard på Skånevikstranda for å arbeide med rusbehandling. Deretter kjøpte dei Vertshuset Kronstad i Skånevik, og Funderud har dei siste åra arbeidd som snikkar og i rørleggjarfirma. Han har ei allsidig merittliste frå yrkeslivet.
— Eg har ein del erfaringar som eg trur kan kome til nytte i ein slik jobb. Eg har alltid vore opptatt av å delta i det som skjer i lokalsamfunnet, seier han.
Foreiningslivet er eit godt døme på frivillig arbeid som fungerer veldig godt, meiner han. Det såg han ikkje minst i idrettslaget i Skjold. Funderud var ei stund vaktmeister for eldre i Vindafjord, og han var med på å byggje opp dagtilbodet for psykisk utviklingshemma i Sandeid. 44-åringen har erfaring med at ikkje alle klarer seg sjølv, alltid.

Ikkje berre eldre
Han har tenkt å kontakte andre frivilligsentralar i regionen for å lære av deira erfaringar. Aktuelle kommunar å besøkje er Haugesund, Bømlo og Fitjar. Han skal vere med å gå opp ny løype når det gjeld denne type frivillig innsats i bygdene.
Funderud er nøye med å presisere at dei ikkje skal konkurrere med det offentlege ansvaret for folk sitt ve og vel. Det er eit supplement, og helst i samarbeid med det offentlege. Det er blant anna ikkje snakk om å bli ei reserveeldreomsorg. Sentralen er heller ikkje primært ei vaktmeisterteneste. Dei skal heller ikkje ta på seg store arbeid som det er naturleg å leige handverkarar til.
— Eldre er sjølvsagt ei gruppe der det er flest som kan trenge å få litt hjelp i enkelte situasjonar. Både til snømåking, tannlegebesøk eller fylle ut eit skjema, seier han.
— Alle kan bli sette ut av spel for ei stund, til dømes av sjukdom. Vi skal fange opp dei som ikkje alt får hjelp, seier han.
Den nytilsette leiaren ser ikkje minst behovet for møteplassar i lokalsamfunnet, og der er det kanskje ikkje alle som får dekt behovet. Møteplassar på tvers av generasjonane ser han på som eit område det kan vere behov for å tenkje nytt.
Frivilligsentralen skal ha kontor både i Etne og Skånevik.