Håpar DNA gir svaret

Sunnhordland Fjordbruk AS er meldt til politiet av Norske lakseelver og Etne elveeigarlag. Elveeigarane mistenker […]

Sunnhordland Fjordbruk AS er meldt til politiet av Norske lakseelver og Etne elveeigarlag. Elveeigarane mistenker at store mengde oppdrettlaks i Etneelva stammar frå anlegget på Skånevikstranda.
— Det er ikkje kjent at andre anlegg i distriktet har hatt tilsvarande uhell, og ingen vil vedkjenne seg at dei har ansvaret for dei store mengdene oppdrettslaks som er konstatert. Vi får håpe politietterforsking og Fiskeridirektoratet sine gentestar vil gi svaret. Eg trur ikkje det blir ei vanskeleg oppgåve å finne ut av. Alt tyder på at fisken har rømt frå anlegget vi har meldt, seier Vidar Børretzen, leiar i Etne elveeigarlag.
Han har sendt hundrevis av skjelprøver til fylkesmannen frå oppfisket av oppdrettslaks

Avviste prøver
Fiskeridirektoratet er blitt kritisert for passivitet etter at rapportane om rømt oppdrettslaks kom i byrjinga av september. Men i forrige veke kom representantar frå Havforskingsinstituttet til Sunnhordland Fjordbruk for å ta DNA-test av laks. Men dei vart avviste av eigaren Gerhard Alsaker. I Fiskeridirektoratet er dei overraska over at fiskebiologane vart avviste.
— Ein kan sikkert reise spørsmål om formalitetar, men lovheimelen til å kunne ta slike prøver er klar i fiskeoppdrettslova. Den kan ikkje oppdrettaren kome utanom. Eg reknar ikkje med at dette blir noko problem ved neste besøk, seier Axel Anfinsen i Fiskeridirektoratet.
Når Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet kjem til anlegget ved Ebnehanen denne veka, har dei tapt ei veke i jakta på opphavet til den rømte laksen.
— Tidstapet går i vår disfavør, men eg reknar med at det er laks igjen av den same generasjonen som var berørt av havariet. Noko anna vil forundre meg, seier Anfinsen.
Sunnhordland Fjordbruk er ikkje det einaste oppdrettet som får besøk for å ta prøver. Fiskeridirektoratet vil sjekke om andre oppdrett kan vere opphavet til oppdrettslaksen som er fiska i Etneelva.
Sunnhordland Fjordbruk har ikkje latt vere å melde inn rømming, men det er milevis forskjell mellom denne rapportering og det som er konstatert i fjord og elvar i distriktet. Sjølv om fleire anlegg har mottatt laks med lik avstamming, vil andre delar av skjelprøvene kunne avsløre kor den rømte laksen kjem frå.

Miljøkriminalitet
Også Fiskeridirektoratet vurderer å melde Sunnhordland Fjordbruk til politiet. Dersom mistanken om rømming i større skala blir avslørt gjennom gentest, vil truleg også direktoratet melde saka.
— Eg vil kalle det miljøkriminalitet når så store mengder oppdrettslaks rømmer og utgjer ein stor fare for framtida i lakseelva vår. Når verken oppdrettaren eller Fiskeridirektoratet tar fatt i dette, får vi som skadelidande tredjepart melde saka til politiet, seier Børretzen i eleveigarlaget i Etne.
Ei heil merd med fisk havarerte ved anlegget 28. august i år, og hovuddelen i politimeldinga går på ansvaret for at anlegget er i teknisk forsvarleg stand.
Grannar kontakta eigaren av Sunnhordland Fjordbruk, Gerhard Alsaker, på fredag, men han var ikkje tilgjengeleg for kommentar. Verken på telefon eller e-post.