Har fyrverkeriet klart

Neste laurdag blir det fyrverkerifinale etter at amatørane har smelt frå seg på nyttårsaftan veka […]

Neste laurdag blir det fyrverkerifinale etter at amatørane har smelt frå seg på nyttårsaftan veka før. Markeringa for nye Vindafjord kommune er godt i gang når fyrverkeri og flaggseremoni står på programmet klokka sju den sjuande januar. Det blir midt mellom den offisielle middagen med inviterte gjester og folkefesten i Ølen idrettshall rett etter.
Frå landjorda
Stig Hatteland har pakka og klart fyrverkeriet som skal vere med å markere at Ølen og Vindafjord blir ein kommune. Utskytinga skjer i området mellom Ølen senter og Ølen samfunnshus.
— Det er ikkje blant dei største fyrverkeria vi sender opp sidan det skal skje frå landjorda og ikkje frå ein lekter på sjøen. Men eg trur opplevinga av fyrverkeriet blir like sterk og engasjerande sidan det i dette tilfellet er nærmare publikum. Det blir eit stilig fyrverkeri, forklarer Stig Hatteland.
Det var ikkje nei i hans munn då Jakob Hatteland Kjemi i Åmsosen fekk spørsmål om å stå for fyrverkeriet under samanslåingsmarkeringa.
— Dette er noko vi driv med på hobbybasis og vi liker kvart høve vi får til å skyte ut. Det er moro og ein blir ikkje heilt vaksen. Vi har rundt fire oppdrag i året med store fyrverkeri. Vi får stadig fleire spørsmål om litt mindre oppskytingar, seier 25-åringen.
Det er faren Jakob Hatteland som har komponert fyrverkeriet, og Stig Hatteland har ansvaret for utskytinga.
Finale
Bomber og fontener skal lyse opp i Ølen sentrum i fem minutt. I fagsjargongen er det snakk om 125 posisjonar som blir styrte via ein datamaskin.
— Det blir mange bomber og fontener, og dei største går 300-400 meter opp. Vi bruker bomber som vi skyt opp frå sylindrar, ikkje tradisjonelle rakettar på pinne slik folk flest kjenner fyrverkeri, seier Hatteland.
Svak vind ut over fjorden er det aller beste, medan sterk pålandsvind vil kunne setje kjeppar i hjula.
— Det blir eit flott fyrverkeri med ein litt roleg start der det går an å nyte, for så å gå over i ein meir heftig finale, fortel han.
Dei importerer fyrverkeri både frå Spania, Tyskland, Taiwan og Japan. I følgje Stig Hatteland kan dei dermed få med seg det kvart enkelt land er gode på.
Neste laurdag handlar det verken om før eller etter, men om fem fargesprakande minutt etter at den første elektriske tennaren har fått signalet.