Har grunn til å feira

Kyrkja var fullsett til siste benk då biskop Ernst Baasland forretta under jubileumsgudstenesta. Etter gudstenesta […]

Kyrkja var fullsett til siste benk då biskop Ernst Baasland forretta under jubileumsgudstenesta. Etter gudstenesta heldt festen fram med middag for bygdefolket og inviterte gjester i Vindafjordhallen.

Biskop Ernst Baasland var imponert over den store dugnadsinnsatsen som bygdefolket har lagt ned for å få kyrkja si til å skina. Han fortalde at han hadde køyrd framom kyrkja i fjor, og då var ho eit trist syn. Men på det året som er gått, er kyrkja pussa opp både ute og inne, slik at ho mest ikkje er til å kjenna igjen.

Me har frå denne plassen fleire gonger peika på den elendige forfatninga mange kyrkjer har vore i. Vedlikehaldet har nærmast vore fråverande. Me har etterlyst tiltak for å ta vare på kyrkjene, som er blant dei rikaste og mest verdfulle kulturskattane me har. Etter kvart som kyrkjene som blei bygde rundt århundreskiftet, eller som Vats kyrkje for 150 år sidan, står framfor eit jubileum, har forfallet blitt enda meir synleg. Det har ført til at sterke krefter i bygdene har klart å samla både kommunar og bygdefolk til dugnadsinnsats for kyrkjene sine. Bygdefolket vil ikkje vera kjent med at kyrkjene forfell.

Og når først startskotet for vedlikehald og opprusting har gått, har det ordna seg både med pengar og mange flittige hender som har tatt eit tak. Det viser seg at når mange spelar på same lag, er det råd å få til det meste. Kyrkjene i Sandeid, Skånevik og nå sist i Vats er eit godt døme på det.
Me gratulerer kyrkjelyden i Vats med 150-årsjubileet og ei oppussa kyrkje som blenkjer både ute og inne.