Haugalandet som reisemål

Bakgrunnen for debatten er at det irske flyselskapet kjem til å redusera i rutene mellom […]

Bakgrunnen for debatten er at det irske flyselskapet kjem til å redusera i rutene mellom Helganes og London frå vinteren. Grunnen er oppgitt til å vera høge drivstoffkostnadar, for lågt belegg og generell dårleg lønnsemd. Ryanair er heller ikkje nøgd med jobben som er gjort for å marknadsføra Haugalandet overfor turistane.

Haugesunds ordførar Petter Steen jr, meiner Haugesund vil klinga betre i turistane sine øyro enn Haugalandet. Han meiner Haugesund er betre kjent enn Haugalandet.
Det kan vera at ordføraren i Haugesund har rett i det. Men me trur ærleg talt ikkje det er så mykje i byte på dei to destinasjonane.

Skal me vera heilt ærlege, har me vel ikkje klart å markera oss særleg bra utanfor landet sine grenser verken på Haugalandet eller i Sunnhordland. For den del ikkje så godt innanlands heller. Me veit sjølve at me har mykje å by på. Men feilen er at me ikkje har klart å samla oss under ein felles paraply.

Det beste me derfor kan gjera er etter vårt syn å stikka hovudet under paraplyen til Hardanger. Det er eit reisemål som gjennom 100 års marknadsføring er blitt kjent over heile verda.
Vår oppskrift for å få fleire til å komma til oss er å marknadsføra heile regionen gjennom Hardanger. Flyplassen på Helganes på Karmøy er nemleg flyporten til Hardanger. Skal du vidare til Hardanger må du reisa gjennom Haugalandet og Sunnhordland. Vår oppgåve og store utfordring blir å laga ein pakke med mange freistande og spennande stopp på vegen.
Helganes kan overfor utanlandske turistar marknadsførast som The gate to Hardanger.