Carlsen er sjølv sterkt engasjert i tunnelen mellom Skånevik og Etne, og eg har ingen problem med å sjå at Grannar kunne ha gitt den saka breiare dekking. Det gjeld fleire viktige samferdslesaker der vi gjerne manglar litt kontinuitet, slik som Saudavegen og flaskehalsar på E134. Men det er ikkje sikkert vi har dei same prioriteringane som Carlsen når det gjeld denne dekkinga. Vi har til dømes fått reaksjonar på at tunnelselskapet har sendt ut giroar med kronerulling for prosjektet, utan at vi har følgt opp den saka.
Grannar er på ingen måte feilfri, og vi har dekkinga vår til vurdering heile tida. Men inga avis kan ha kontrakt med lesarane om at vi skal skive om alt lesarar og aktørar ønskjer av oss. Til det skjer det alt for mykje, og vi har for få ressursar. Det er også redaksjonen som har oversikt til å prioritere i ein ofte stor bunke av tips og invitasjonar. Vi må også ha ei rimeleg geografisk fordeling i tankane.
Vi har til dømes 13 grunnskular i dekningsområdet vårt, og det blir ei ganske stram prioritering i periodar når det skjer mykje på skulane. I ein del tilfelle vurderer vi det slik at det kan vere betre journalistikk å belyse eit tema på generelt grunnlag, heller enn å stille opp på eit møte eller ei tilstelling.
Skal ein vurdere dekkinga i ei bygd, kan ein ikkje berre sjå på dei sakene ein saknar, ein må også ta med i reknestykket dei som vart prioriterte. Skånevik er ikkje blant dei bygdene som bør ha mest å klage på. Det har samanheng med at det er mange engasjerte personar i bygda, og dei har mange saker dei kjem til lokalavisa med. Det er positivt sjølv om vi ikkje har kapasitet til å gi like stor respons på alt. Dette samspelet med lesarane er grunnmuren for alle aviser.
Dei seinare åra har Grannar laga stadig fleire redaksjonelle sider. Det heng mellom anna saman med at vi gir fleire saker ei breiare dekking. Pluss at distriktet er blitt meir vitalt på fleire område, i alt frå næringsliv til kultur. Det er ei utvikling avisa gjerne vil halde fram med, slik at vi kan bli ei endå betre avis for lesarane.
Jon Edvardsen
Konstituert redaktør