Høgtideleg dåp

Laurdag var det dåp på West Contractors AS sin kai i Ølensvåg. Verftet sitt 27. […]

Laurdag var det dåp på West Contractors AS sin kai i Ølensvåg. Verftet sitt 27. bygg, supplyfartøyet «Viking Athene», vart høgtideleg døypt og feira.
Noralf Matre ved West Contractors AS, ynskte dei mange frammøtte velkommen, og fortalde litt om byggjeprosessen.
— Me vil takka alle våre tilsette som har gjort ein fantastisk innsats! Me budsjetterte med å bruka eit halvt år på dette prosjektet, men med innsatsen til våre tilsette og det gode samarbeidet med Eidesvik Shipping AS, har me klart å få «Viking Athene» ferdig to månadar tidlegare enn budsjettert. «Viking Athene» er eit sunnhordlandsprodukt. Båten er designa av Vik –Sandvik på Fitjar, bygd av West Contractors i Ølen for Eidesvik Shipping AS på Bømlo. Me har også brukt svært mange underleverandørar frå vår region, sa ein svært nøgd Noralf Matre.
Gudmor var Sigrunn Eiken. Ho er gift med Trygve Eiken ved Vik-Sandvik, som har designa supplybåten. Ho måtte sende champagneflaska to gonger inn i båten, før flaska knuste. Etter dåpen spela Ølen musikkorps nasjonalsongen, før inviterte gjester gjekk ombord for å nyte kanapear og sprudlande drikke.